Dvergmoskusdyr | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Underorden: | Jortedyr Ruminantia |
Infraorden: | Tragulina |
Familie: | Dvergmoskusdyr Tragulidae H. Milne-Edwards, 1864 |
Dvergmoskusdyr (Tragulidae) eller musehjortar er ein pattedyrfamilie av jortedyr. Han omfattar små, sky dyr som lever i tropiske skoger i Afrika, India og Søraust-Asia. Den største arten i gruppa er vassmoskusdyr (Hyemoschus aquaticus), med ei skulderhøgd på rundt 35 cm. Den minste er malayisk vassmoskusdyr (Tragulus javanicus) som med ei skulderhøgd på 30 cm er det minste hovdyret i verda.
Tidlegare delte ein dei nolevande dvergmoskusdyra inn i berre fire artar.[1] I 2004 blei T. nigricans og T. versicolor skilde ut frå T. napu, medan T. kanchil og T. williamsoni blei skilde frå T. javanicus.[2] I 2005 blei M. indica og M. kathygre skilde frå M. meminna.[3] Dermed har ein i dag 10 nolevande artar fordelt på tre slekter: