Drogesamling frå Svaneapoteket i Bergen

Droge (fransk drogue, opphavleg nederlansk droog for 'tørka stoff')[1] viser til råstoff vunne ut frå plantar eller dyr til bruk i medisin eller industri, til dømes som fargestoff. Læra om droger, opphav, eigenskapar, innhaldsstoff og moglege forfalskingar blir kalla farmakognosi. Nokre drogar er kinabark, opium og digitalisblad.

Drogar skil seg frå kjemikaliar ved at dei har ei kompleks og delvis varierande kjemisk samansetning. Dei har vore mykje brukt i tradisjonelle lækjemiddel, som i urtemedisin. I moderne medisin er dei ofte erstatta av reine kjemikaliar.

Kjelder

  1. «droge» i Nynorskordboka.; Lindgren, John, Läkemedelsnamn Ordförklaring och historik, Berlingska Boktryckeriet Lund 1918 side 71

Bakgrunnsstoff

Litteratur
Nettlenkjer