Drobeta-Turnu Severin | |||
---|---|---|---|
Teateret i Drobeta-Turnu Severin | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Romania | ||
Fylke | Mehedinți | ||
Borgarmeister | Marius-Vasile Screciu | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
57,43 km² | ||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2021) - folketettleik |
79 865 1 390,6 /km² | ||
Koordinatar | 44°34′0″N 22°40′0″E / 44.56667°N 22.66667°E | ||
Høgd over havet | 65 moh. | ||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 220xxx | ||
Retningsnummer (tlf) | +40 02 52 | ||
Bilnummer | MH | ||
Nettstad: www.drobetaturnuseverin.ro |
Drobeta-Turnu Severin (/dro'be.ta 'tur.nu se.ve'rin/, ungarsk Szörényvár, bulgarsk Северин; serbisk Дробета-Турну Северин) er ein by i Mehedinți fylke i Oltenia i Romania. Han ligg på venstre sida av Donau, like nedanfor Jernporten. Byen har om lag 105 000 innbyggjarar.
Byen oppstod som ein getisk busetnad, men fungerte seinare i antikken som ein base for dei romerske krigane mot Dakia. Nær byen finst ruinar av Trajanbrua over Donau, som keisar Trajan fekk Apollodoros frå Damaskus til å byggje i år 103. Staden vart øydelagd av hunarane på 400-talet, men gjenoppbygd av keisar Justinianus I (527-565). Namnet på byen kjem frå det latinske namnet Drobetae og av Turnu Severin, det vil seie «Nordtårnet», som viser til tårnet som austromarane bygde på nordsida av Donau. Byen kom i mellomalderen inn under Ungarn, som oppretta eit katolsk sete her. I 1330 kom byen inn under Valakia, som var under osmansk overhøgd frå 1524 til 1829. Valakia vart ein del av Romania i 1861.
Drobeta-Turnu Severin er ein municipiu (større bykommune) med desse busetnadane:
Busetnad | Folketal 2011[2] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|
Drobeta-Turnu Severin | 84 876 | 73 097 |
Dudașu Schelei | 569 | 475 |
Gura Văii | 1 783 | 1 440 |
Schela Cladovei | 5 389 | 4 853 |