Drakekamp er eit spel som går ut på å halda sin eigen drake i lufta medan ein tek ned motstandarar sine. Det er utbreidd i Afghanistan, Pakistan, India, Nepal, Korea[1] og Brasil.[2] Ein kjemper ofte frå flate hustak eller samlar seg på særskilde stader for å flyga drakar og driva drakekamp.
I drakekamp kjemper to eller fleire motstandarar mot kvarandre om gongen. Den som held draken i lufta lengst vinn.[1]
Til drakekamp bruker ein gjerne enkle, flate drakar som er lette å manøvrera. Ein bruker draken til å prøva å fella andre draker ved å få dei ut av balanse, eller ved å kappa av snora dei fyk med.[3] Dette kan ein oppnå ved å gjera si eiga snor skarp, eller ved å festa noko skarpt til drakelina.[2]
Drakar kan lagast med enkle middel, som silkepapir eller plast, bambuspinnar, ei line og ein spole. Dei kan også vera billige å kjøpa.[4]
Drakelina kan vera av bomull eller i nyare tid nylon. Ho kan gjerast skarp gjennom å lima glaspulver eller liknande rundt henne. Lina er vinda rundt ein spole, i Sør-Asia tradisjonelt ein stor trespole.
Nokre stader flyg ein draken som eit par: Ein som held spolen og slepp ut line, og ein som styrer lina.[4]
Drakar som er kutta laus kan finnast og brukast opp att. Å henta friskorne drakar er kjend som drakeløping.
Drakekamp er ofte knytt til høgtider eller særskilde dagar, som den japanske barnedagen (kodomo no hi)[5] eller på fredagar i muslimske område.[4] Den indiske høgtida sankranti, kjend som uttarayan i Gujarat, er også ein drakekampfestival som i nyare år er blitt til ei internasjonal tevling.
Drakekamp er skildra i novella «The Kitemaker» av Ruskin Bond, der drakeflyging blir kalla «the sport of kings».[6]
Drakekamp er sentral i Khaled Hosseini sin roman The Kite Runner, eller Drageløperen. Han byrja å skriva forteljinga etter å ha lese om Taliban sitt forbod mot drakekamp.[7]
Det er knytt fleire problem til drakekamp, særleg i moderne samfunn. Ei vanleg drakeline kan laga kutt i handa til den som styrer henne, eller til folk som spring eller køyrer på den nær usynlege lina. Sterkare liner av nylon kan gjera stor skade, og det finst døme på at dei har drepe folk.[6] Drakeløparar kan koma ut for ulukker om dei spring etter draken i trafikken eller klatrar høgt opp for å henta ein drake.
Den etterlatne lina som ikkje bryt ned i naturen kan også gjera skade på dyreliv, som fuglar og flaggermus.[8]
Drakekamp eller visse måtar å laga draken på er blitt forbodne mange stader, men slike forbod er vanskelege å handheva.[6] Taliban-styret i Afghanistan la ned forbod fordi dei hevda at drakeflyging var uislamsk.[1][9]