Doping i baseball er ei form for doping som har gått føre seg i fleire land, sjølv om det finst lovar og reglar mot doping.
Bruk av kokain som kom fram i dei såkalla Pittsburgh narkotika-rettssakene i 1985 medverka til at serien Major League Baseball straffa 11 spelarar med bøter og 100 timar med såkalla narkotika-relatert samfunnsteneste.
Ifølgje ESPN hadde Major League ein «steroid tidsalder» frå seint i 1980-åra til seint i 2000-åra.[1] Fleire steroid kom på forbodslista til baseball i både USA og Canada i 1991, men først frå 2003-sesongen blei det tatt dopingprøvar frå spelarar i Major League.[2]
I 1998 innrømma spelaren Mark McGwire bruk av androstenedion, som då ikkje var ulovleg i toppserien, men forbode i seriane National Football League og NCAA.[2] I 2002 blei det avslørt at firmaet BALCO hadde levert steroid til fleire proffspelarar. I 2005 gav den pensjonerte baseballspelaren José Canseco ut ei bok, Juiced, der han skreiv om bruk av steroid i baseball. Han skreiv fritt om doping i baseball, at han sjølv hadde teke steroid, og namngav fleire av kollegaene sine som steroidtakarar.[3]
Mitchell-rapporten frå desember 2007 førte til at Major League byrja teste spelarane to gongar i året, og talet på stoff som vart søka etter auka.[4]
I januar 2013 blei Major League og spelarfagforeininga einige om å innføra tilfeldige testar for veksthormon i spelesesongen og ein ny test for testosteron.[5] Testinga tok til i 2013-sesongen, og minst tjue spelarar blei skulda for å ta veksthormon. Til slutt blei 14 spelarar suspenderte, blant dei mest kjende var Ryan Braun frå Milwaukee Brewers (suspendert i dei siste 65 kampane av sesongen), Alex Rodriguez frå New York Yankees (suspendert i 211 kampar) og Nelson Cruz frå Texas Rangers (50 kampar). Dopingverksemda blei driven av Anthony «Tony» Bosch i Florida, ein påstått doktor med ei falsk medisinutdanning.[5][6]