Dixon Entrance | |||
sund | |||
Land | USA, Canada | ||
---|---|---|---|
Dixon Entrance 54°22′00″N 132°20′00″W / 54.366666666667°N 132.33333333333°W | |||
Dixon Entrance med kapp (raude prikkar) og den internasjonale grensa som går mellom Point B og Cape Muzon. Plasseringa av A-B-lina er omdiskutert.
| |||
Wikimedia Commons: Dixon Entrance |
Dixon Entrance (fransk Entrée Dixon, haida Seegaay) er eit sund i Nord-Amerika som skil Alexanderarkipelet i Alaska i nord frå Graham-øya i Britisk Columbia i sør. Den internasjonale maritime grenselina som går gjennom sundet mellom USA og Canada er omstridd.[1]
Sundet har innløp mellom Kapp Muzon på Dall-øya og Langara-øya like nord for Graham. Det strekkjer seg austover til det kanadiske fastlandet. Det er ein del av ei innaskjærs seglingsrute for skip langs den nordamerikanske stillehavskysten, og markerer også den austlege overgangen mellom Stillehavet og Alaskabukta.[2] Frå sundet fortset Clarencesundet i nordleg retning og Hecatesundet sørover.
Sundet har namn etter George Dixon, som var kaptein i den britiske marinen.[3]