Dirty Old Town Singel av The Dubliners
|
|
B-side
|
«Peggy Gordon»
|
Språk
|
engelsk
|
Utgjeve
|
1968
|
Sjanger
|
Folk, irsk, pop
|
Lengd
|
2:53
|
Selskap
|
Major Minor
|
Komponist
|
Ewan MacColl
|
Tekstforfattar
|
Ewan MacColl
|
Låtskrivar(ar)
|
Ewan MacColl
|
Produsent
|
Tommy Scott
|
The Dubliners-kronologi
|
«Maids When You're Young Never Wed An Old Man» (1967)
|
Dirty Old Town
|
«Hand Me Down My Bible» (1971)
|
«Dirty Old Town» er ein song skriven av Ewan MacColl i 1949 og gjort populær av The Dubliners. Songen har sidan blitt spelt inn av mange andre.
Songen vart skriven om Salford i Lancashire i England, byen der MacColl vart fødd og voks opp. Han vart opphavleg skriven for eit mellomspel som skulle dekkje eit scenebyte i skodespelet hans Landscape with Chimneys i 1949, sett til ein industriby i Nord-England.[1]
Kjende utgåver av songen er spelt inn av:
- Den første offentlege framføringa kan ha vore i skodespelet «Landscape with Chimneys», skriven for Theatre Workshop og produsert av Joan Littlewood i 1951
- Den første innspelinga av McColl sjølv, «Dirty Old Town / Sheffield Apprentice», TRC 56 / 1952
- B-sida av «Hard Case / Dirty Old Town», med vokal av McColl og Peggy Seeger, Alan Lomax and the Ramblers, Decca F 10787 (singel, UK, 1956)
- Visesongaren Jackie Washington i 1962 på albumet hans Jackie Washington[4]
- Esther & Abi Ofarim spelte inn songen i 1963 for albumet deira «Lieder und songs». Dei spelte òg inn versjonar på fransk og tysk, i lag med ein nymiksa versjon for USA.[5]
- Chad & Jeremy i 1964 på albumet deira Yesterdy's Gone
- Rod Stewart i 1969 på albumet hans An Old Raincoat Won't Ever Let You Down
- Roger Whittaker i 1977 på albumet hans Live In Canada[6]
- The Pogues i 1985 på det andre albumet deira, Rum, Sodomy and the Lash og vart seinare nytta i den siste episoden av Rescue Me.
- The Mountain Goats i 2002 på EP-en Devil in the Shortwave.
- Johnny Logan spelte inn songen på albumet sitt The Irish Connection (2007).