Depeche Mode

Aktiv1980–
Sjangersynthpop, electronica, new wave, Dark wave, alternativ rock, industrimusikk, Elektronisk rock
PlateselskapMute Records, Columbia Records, EMI, Reprise Records, Sire Records, Virgin Records, Capitol Records
PrisarRock and Roll Hall of Fame

Depeche Mode er ei engelsk musikkgruppe som vart skipa i 1980 som eit synthpop-band. Bandet var på 80-talet eit av de fremste innan sjangeren new wave og new romantic. Depeche Mode har selt over 100 millionar plater.[1][2]

Soge

[endre | endre wikiteksten]
Depeche Mode live i 2006.

Depeche Mode vart skipa i Basildon i 1980,[3] og gav ut sitt fyrste album, Speak and Spell, i 1981. Bandet bestod då av Vince Clarke, Martin Gore, Dave Gahan og Andy Fletcher. Det store gjennombrotet deira kom med singlen «Just Can't Get Enough». Vince Clarke forlét bandet kort etter. Han vart erstatta av Alan Wilder i 1983. Alan Wilder forlét bandet igjen i 1995.[4] Namnet «Depeche Mode» stammar frå det franske motebladet Dépêche Mode.[5] Musikkgruppa vart ein av dei største og mest innverknadsrike musikkgruppene og var ei inspirasjonskjelde for mange på 80-talet.

Dave Gahan har gjennom fleire år hatt eit massivt narkotikamisbruk, noko som kjem fram i fleire av Depeche Mode sine låtar, mellom anna «Never Let med Down Again».[6]

I 2020 vart Depeche Mode innsett i Rock and Roll Hall of Fame.[7]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Album

[endre | endre wikiteksten]
Bremen, juni 2006.

Livealbum

Viktige samlingsalbum

Singlar

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Press Release: DEPECHE MODE RELEASES INNOVATIVE 360 VIDEO OF “GOING BACKWARDS”» (på engelsk). Sony Music Canada. Henta 14. desember 2022. 
  2. «Depeche Mode Release 14th Studio Album SPIRIT | Sony Music Norway», kommunikasjon.ntb.no (på norsk), henta 14. desember 2022 
  3. Bergan, Jon Vidar (26. mai 2022). «Depeche Mode». Store norske leksikon (på norsk). 
  4. «Depeche Mode | lex.dk», Den Store Danske (på dansk), henta 14. desember 2022 
  5. «Depeche Mode hometown, lineup, biography», Last.fm (på engelsk), henta 14. desember 2022 
  6. Miller, Jonathan (5. november 2009), Stripped: Depeche Mode (på engelsk), Omnibus Press, ISBN 978-0-85712-026-7, henta 14. desember 2022 
  7. «Class of 2020 Inductees | Rock & Roll Hall of Fame», www.rockhall.com, henta 14. desember 2022 

Bakgrunnstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Depeche Mode