Dave Clark | |||
Clark på amerikansk fjernsyn i 1965 med The Dave Clark Five | |||
Fødd | 15. desember 1939 (84 år) eller 15. desember 1942 (81 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Tottenham i Middlesex i England | ||
Fødenamn | David Clark | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | Sidan 1957 | ||
Sjanger | Beat-musikk | ||
Instrument | Trommeslagar, låtskrivar | ||
Tilknytte artistar | The Dave Clark Five | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, produsentar |
Dave Clark (fødd 15. desember 1939 eller 1942) er ein engelsk musikar, låtskrivar, plateprodusent og entreprenør. Han var leiar, trommeslagar og manager for beat-gruppa The Dave Clark Five i 1960-åra. Dei var det første bandet i den britiske bølgja som følgde The Beatles til Amerika i 1964. I 2008 vart Clark og bandet hans innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.[1]
Clark var fødd i Tottenham, som då låg i Middlesex, og slutta på skulen utan utdanning då han var 15 år gammal for å bli stuntmann på film. Han spelte i over 40 filmar.[2][3][4] Seint i 1950-åra kjøpte Clark seg eit trommesett og lærte seg sjølv å spele. Han skipa eit skiffleband for å tene pengar, slik at fotballaget hans kunne reise til Nederland. Skifflegruppa utvikla seg til å bli The Dave Clark Five med Clark som leiar, medlåtkskrivar, manager og produsent.[4][5]
The Dave Clark Five vart gradvis meir populære i Storbritannia. Dei flytta The Beatles sin «I Want to Hold Your Hand» ned frå førsteplassen på den britiske singellista i januar 1964 med sin eigen «Glad All Over». Den britiske pressa kalla dei ei kort stund «den største trugselen» for The Beatles.[6] The Dave Clark Five var det første bandet i den britiske bølgja som følgde Beatles til Amerika i 1964,[6] der dei fekk 15 hittar inn på Topp 20 på rad.[7] Dei spelte òg på The Ed Sullivan Show fleire gonger enn nokon annan engelsk artist.[6] Dave Clark vart eit populært babynamn i 1960-åra.[8]
Andrew Loog Oldham, tidlegare manager for The Rolling Stones, snakka om den tidlege suksessen dei hadde som rivalar til The Beatles:
Om The Beatles nokon gong såg seg over skuldra, så var det ikkje The Stones dei såg. Dei såg The Dave Clark 5 eller Herman's Hermits.[9]
Bandet vart oppløyst i 1970, og ein avart av bandet i 1972. Clark stoppa å spele trommer etter han braut fire knokar i ei akeulukke i 1972.[2]
Han skreiv seinare science fiction-musikalen Time, som hadde sin debut i 1986. Musikalen gjekk to år på West End i London med Cliff Richard (seinare David Cassidy) i ei av rollene.[4] Musikalen lanserte òg eit konseptalbum kalla Time med Richard, Freddie Mercury, Leo Sayer, Stevie Wonder og Dionne Warwick. To millionar eksemplar vart seld og det inneheldt fleire hitsinglar.[10]
Clark er ein suksessrik entreprenør og mangemillionær. Han eig eit hus til 12 millionar britiske pund i Vest-London.[2][11] Heilt frå starten eigde Clark sjølv alle rettane til musikken til The Dave Clark Five og i 1993 gav han ut nymastra versjonar av alle singlane deira på CD, Glad All Over Again.[4] Seint i 1960-åra, i tillegg til å styre bandet sitt, byrja Clark å regissere og produsere for fjernsyn. I 1968 laga han ein «særs suksessrik» fjernsynsproduksjon, Hold On, It's The Dave Clark Five.[4] I 1980-åra fekk han rettane til det britiske musikkshowet frå 60-talet, Ready Steady Go!.[12]
Då han gav ut ei hitsamling i midten av 1970-åra, budde Clark i USA i eitt år, og unngjek ddermed å betale skatt i Storbritannia. Dei britiske styresmaktene gjekk til retten for dette, men tapte.[13]
Clark var nær ven med Queen-songaren Freddie Mercury, som han hadde kjend sidan 1976.[14] Clark sat ved senga hans då Mercury døydde i november 1991.[14][15]
I 2008 var det 50 år sidan bandet vart skipa og The Dave Clark Five vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.[1][16] Clark gjorde eit sjeldan offentleg frammøte og i lag med to andre medlemmar av gruppa aksepterte han prisen på vegner av gruppa.[17]
I 2014 skreiv, produserte og medverka Clark i dokumentarfilmen The Dave Clark Five and Beyond: Glad All Over.[18]
The Dave Clark Five (DC5) | |
---|---|
Songar | «I Knew It All the Time» · «Do You Love Me» · «Glad All Over» · «Bits and Pieces» · «Stay» · «Can't You See That She's Mine» · «Any Way You Want It» · «Because» · «I Like It Like That» · «Catch Us If You Can» · «Over and Over» · «You Got What It Takes» · «You Must Have Been a Beautiful Baby» |
Britiske album | A Session with The Dave Clark Five · Catch Us If You Can · Everybody Knows · 5 by 5 = GO! · If Somebody Loves You · Good Old Rock n' Roll · Dave Clark and Friends |
Amerikanske album | Glad All Over · The Dave Clark Five Return! · American Tour · Coast to Coast · Weekend in London · Having a Wild Weekend · I Like It Like That · Try Too Hard · Satisfied with You · 5 by 5 · You Got What It Takes · Everybody Knows |
Britiske samlealbum | Greatest Hits · The Best of The Dave Clark Five · 25 Thumping Great Hits · Glad All Over Again · The Hits |
Amerikanske samlealbum | The Dave Clark Five · The Dave Clark Five's Greatest Hits · More Greatest Hits · History of The Dave Clark Five |
Tilknytte artiklar | Diskografi · Catch Us If You Can |