Ein Cederholm dampbil frå 1893, laga i Ystad.

Ein dampbil er ein bil dreven av ei dampmaskin.

Tidlege eksperiment med dampbilar

Verbiest (1679)

Vogna til Verbiest.

Den fyrste som er laga ein dampdriven bil tykkjest ha vore belgiaren Ferdinand Verbiest, som rundt 1680 (truleg i 1679) laga ei lita dampdriva vogn[1] med ei lengd på rundt 60 cm[2]. Dette skjedde medan han budde i Kina og vogna vart truleg laga for å imponera keisaren. Dampmaskina hadde ikkje stempel, men nytta damptrykket til å driva eit skovelhjul, som så dreiv framhjula på vogna. Verbiest let vogna køyra rundt på gardsplassen til keisarpalasset i ein times tid [3]. Vogna vart sett på som ein kuriositet og vart ikkje vidareutvikla.

Nolet (1748)

I 1748 eksperimenterte den franske presten Nolet med eit liknande køyretøy som Verbiest[4]. På same vis som vogna til Verbiest retta Nolet òg dampstrålen mot eit skovelhjul, som så dreiv drivhjula via nedgiring i fleire trinn. Vogna til Nolet vart demonstrert i Paris i 1775[4]. Det skal finnast eit ekemplar av ei slik vogn i Karlsruhe i Tyskland.

Cognout (1769)

Vogna til Cognout.

I 1769 bygde den franske militæringeniøren Joseph Cugnot ein damplastebil i full skala[5]. Vogna var meint for å transportera tungt artelleri og vart kalla «la fardier de Cugnot». «Fardier» tyder ei vogn laga for å transportera svært tunge lass («fardeau»). Etter som det var eld under kjelen vart òg køyretøyet kalla «chariot à feu» (eldvogn). I motsetning til Verbiest nytta Cognout ei stempeldampmaskin, så dette ser ut til å ha vore det første køyretøyet drive av ei stempeldampmaskin. Det var òg den fyrste lastebilen i soga.

Murdock (1784)

Vogna til Murdock.

I 1784 monterte engelskmannen William Murdock ei dampmaskin på ei vogn, som vart kalla «Sauterelle»[6]. Motoren i vogna til Murdock var ei stempeldampmaskin (truleg produsert av Boulton and Watt) med ein vertikal sylinder. Denne vogna står no på Museum of Science and Industry i Birmingham. Murdock køyrte ei strekning på to-tre kilometer[6]. I 1791/1792 bygde Murdock fleire eksperimentelle vogner.

Referansar

  1. 1679-1681. Forklift steam RP Verbiest. Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine. (vitja 9/7-2011)
  2. Histoire de l'automobile 1464 - 1899
  3. Ferdinand Verbiest, La Belgique insolite, 8/8-2006.
  4. 4,0 4,1 1775. Eolipyle'. Arkivert 2011-07-02 ved Wayback Machine. (vitja 9/7-2011)
  5. Le fardier de Cugnot, Société des Ingénieurs de l'Automobile (SIA), 1989.
  6. 6,0 6,1 1784. Machine à vapeur de Murdock (Grande-Bretagne) Arkivert 2011-07-02 ved Wayback Machine. (vitja 9/7-2011)

SJå òg