Damo Suzuki

Fødd16. januar 1950
FødestadJapan
Død9. februar 2024 (74 år)
FødenamnKenji Suzuki
OpphavJapan
Aktiv1970–2024
SjangerKrautrock
InstrumentGitar
Vokal
Tilknytte artistarCan
PlateselskapFruits de Mer Records
Verka somgateartist, songar, vokalist

Kenji Suzuki, som regel kjend som Damo Suzuki (16. januar 19509. februar 2024) var ein japansk songar som var mest kjend som medlem av det tyske krautrockgruppa Can.

Biografi

[endre | endre wikiteksten]

Som tenåring i 1960-åra reiste Suzuki rundt om i Europa, ofte som gatesongar.[1]

Malcolm Mooney slutta i Can, etter å ha spelt inn det første albumet deira, Monster Movie, trefte Holger Czukay og Jaki Liebezeit Suzuki medan han spelte på eit hjørne i München då dei to sat utanfor på ein gatekafé. Dei inviterte han med seg i gruppa, og han spelte med dei same kvelden.[2]

Suzuki var med Can frå 1970 til 1973 og song på dei mest anerkjende platene deira, som Tago Mago, Future Days og Ege Bamyasi. Den første songen Suzuki song inn med bandet var «Don't Turn the Light On, Leave Me Alone» frå Soundtracks[3] Tekstane hans var ofte improviserte og var ikkje alltid sunge på eit spesielt språk.[2]

Suzuki vart medlem av Jehovas vitne[2] då han gifta seg med den tyske kjærasten sin, som òg var Jehovas vitne. Han trekte seg då attende frå musikken i 1974.

Han kom attende til musikkverda i 1983, og vart leiar for Damo Suzuki's Network, der han turnerte og heldt improviserte konsertar med forskjellige lokale musikarar. Blant musikarane som har spelt med han på konsertane hans finn ein Michael Karoli og Jaki Liebezeit frå Can, Mani Neumeier frå Guru Guru, Dustin Donaldson frå I Am Spoonbender, Cul De Sac, Passierzettel, The Early Years, The Bees, Do Make Say Think, Broken Social Scene, Airiel, Acid Mothers Temple, The Holy Soul, Steve Dinsdale, The Sandells, Tay Zonday, the Omar Rodriguez-Lopez Quintet (som han spelte inn EP-en Please Heat This Eventually med i 2007), The Skull Defekts, AIDS Wolf, Radio Messeacre International, Edmondo Ammendola og Dave Williams frå Augie March, Gordon J Watson & Simon Doling frå Terminal Cheesecake, Jonny Williams, Stephen McBean frå Black Mountain, Helena Espvall frå Espers, The Prestidigitators, Gary Jeff frå God, Calamalka, Karl Asa frå J>A>W>, tynder, Neočekivana Sila Koja Se Iznenada Pojavljuje i Rešava Stvar, The Dream Machine All-Stars, AK/DK, Ann Shenton frå Add N to (X) og mange mange andre.

På The Fall-albumet This Nation's Saving Grace frå 1985 finst songen «I Am Damo Suzuki».[4] Rockebandet The Mooney Suzuki har henta namnet sitt frå dei tidlegare Can-songarane Malcolm Mooney og Damo Suzuki.[5]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. All Tomorrow's Parties
  2. 2,0 2,1 2,2 Holger Czukay's official site, arkivert frå originalen 21. september 2013, henta 6. mars 2013 
  3. "'Don't Turn the Light on, Leave Me Alone' was Damo's first recording with CAN ever."[1]
  4. 3:AM Magazine interview
  5. Kludge Magazine interview

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]