Cristiano Ronaldo
Personleg informasjon
Fullt namn Cristiano Ronaldo dos Santos Aveiro
Fødd 5. februar 1985 (39 år)
Fødestad Funchal
Høgd 185 cm
Posisjon Angrep
Klubbinformasjon
Noverande lag
Man United
Nummer 7
Ungdomsklubbar
1993-95
1995-97
1997-2002
Portugal Andorinha
Portugal Nacional
Portugal Sporting
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2002-2003
2003-2009
2009-2018
2018-2021
2021-
Portugal Sporting
Man United
Spania Real Madrid
Italia Juventus
Man United
25 (3)
196 (84)
292 (311)
98 (81)
16 (8)
Landslag
2002-2003
2004
2003-
Portugal Portugal U21
Portugal Portugal U23
Portugal Portugal
10 (3)
3 (2)
184 (115)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 3. januar 2022
‡ Landslagsmål oppdatert 3. januar 2022

Cristiano Ronaldo dos Santos Aveiro (fødd 5. februar 1985 i FunchalMadeira i Portugal) er ein portugisisk fotballspelar. Han spelar per 2022 for den engelske klubben Manchester United, og har tidlegare spela for Real Madrid, Sporting Lisboa og Juventus.

Han vart ligameister med Sporting Lisboa i 2003, og i august same året skreiv han under for United. Mange frykta at presset vart stort for den dåverande 18-åringen sidan han fekk den legendariske trøya nr. 7. Ronaldo meistra forventningspresset fint, og var med på å vinne FA-cupen i den fyrste sesongen sin. Han vart toppskårar i Premier League i 2007/08-sesongen med 31 seriemål, og var Manchester United sin toppskårar i Premier League også i 2006/07- og 2008/09-sesongen. Han vann Premier League med Manchester United tre gonger, i 2007, 2008 og 2009. I 2008 var han med på å vinna den europeiske Meisterligaen med United, og i 2008 VM for klubblag. Han vart kåra til årets spelar i Premier League i 2006/07-sesongen og i 2007/08-sesongen. I 2008 vart han òg kåra til årets spelar i verden av FIFA.

Med Real Madrid har han vunne den spanske serien, i 2012, og Meisterligaen i 2014. Han var klubben sin toppskårar i serien fire sesongar i strekk frå 2010/11-sesongen og framover. Han vart toppskårar i den spanske toppdivisjonen i 2010/11- og 2013/14-sesongen. I fotball-EM i 2012 spela han alle Portugal sine fem kampar og skåra tre mål då Portugal nådde semifinalen i meisterskapen. Han vart dimed ein av seks spelarar som delte tittelen som toppskårar i turneringa.

Cristiano Ronaldo vert rekna som ein av dei mest talentfulle spelarane i Europa, og har fast plass på det portugisiske herrelandslaget i fotball. Han debuterte på landslaget i august 2003, og var ein av dei beste spelarane på laget under EM i 2004, der han skåra to mål. Mest kjend er C. Ronaldo for dei vanvittige fintene og finessane sine i tillegg til ein svært god basisteknikk. Skot- og pasningsfoten hans er også i orden og alt i alt er han ein av dei klart mest talentfulle spelarane i verda på sin alder.

Karriere som spelar (alle turneringar)

[endre | endre wikiteksten]

Per 3. januar 2022

Klubb Kampar Mål Periode
Portugal Sporting Lisboa 25 3 1999-2003
Manchester United 196 84 2003-2009
Spania Real Madrid 292 311 2009-2018
Italia Juventus 98 81 2018-2021
Manchester United 16 8 2021-

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]