Cornelia Jakobs | |||
| |||
Fødd | 9. mars 1992 (32 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Nacka församling | ||
Fødenamn | Anna Cornelia Jakobsdotter Samuelsson | ||
Alias | Cornelia Jakobs | ||
Opphav | Sverige | ||
Aktiv | 2010– | ||
Sjanger | pop | ||
Verka som | songar, låtskrivar | ||
Far | Jakob Samuel | ||
Prisar | Grammis for Newcomer of the Year |
Anna Cornelia Jakobsdotter Samuelsson (fødd 9. mars 1992 i Nacka församling[1]), kjend som Cornelia Jakobs, er ein svensk songar og låtskrivar. Ho vann svenske Melodifestivalen med songen «Hold Me Closer» og representerte Sverige i Eurovision Song Contest 2022 i Torino.
Jakobs studerte på kulturskulen Kulturama og ved Rytmus musikgymnasium i Stockholm i åra 2008–2011.[2] Ho er medlem i popgruppa Stockholm Syndrome (tidlegare kalla Love Generation), som blant anna deltok i Melodifestivalen i 2011 og 2012.
I 2008 forsøkte Jakobs seg i svenske Idol, men gjekk ikkje vidare i tevlinga.[3] Ho deltok i Melodifestivalen 2021 som låtskrivar bak «Best of Me» med Efraim Leo. Året etter deltok hun sjølv med låten «Hold Me Closer». Songen vann den fyrste delfinalen og vann 12. mars 2022 heile tevlinga med 146 poeng.[4] Som vinnar fekk ho representere Sverige i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia. Der enda ho på fjerdeplass samanlagt.
Jakbos er dotter av rockemusikaren Jakob Samuel i gruppa The Poodles.[5] Farfaren er presten og forfattaren Bengt Samuelsson, mens farmora er dirigenten og komponisten Kerstin Nerbe.[6]