Aérospatiale-BAC Concorde (ofte referert til berre som Concorde) var eit turbojet-drive supersonisk passasjerfly. Flyet var eit resultat av eit anglo-fransk samarbeid, der engelske BAC og franske Aérospatiale samarbeidde om å utvikla flyet. Concorde flaug fyrste gong i 1969 og vart sett inn i rutetrafikk i 1976.

Concorde flaug faste transatlantiske flygingar frå London og Paris til New York og Washington, D.C. Overlydsflyet var i stand til å fly desse strekningane på halvparten av den tida andre passasjerfly med jetmotorar brukte.

Sjølv om flyet var i drift i 27 år, vart det berre bygd 20 maskiner. Salet kunne difor ikkje forsvara utviklingskostnadene, og dei to produsentane lei store økonomiske tap. Den britiske og franske staten såg det likevel som viktig å oppretthalda drifta av Concorde, og subsidierte difor Air France og British Airways, dei to operatørane av flytypen, for å sikra at det var halde fram med flygingane.

Skjematisk illustrasjon av ein Concorde.

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]