Colin Dexter | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 29. september 1930 Stamford |
Død |
21. mars 2017 (86 år) |
Yrke | skribent, romanforfattar |
Språk | engelsk |
Sjanger | detektivforteljing |
Norman Colin Dexter (29. september 1930–21. mars 2017) var ein britisk forfattar særleg kjend for å ha skapt kriminalheltane inspektør Morse og Lewis.
Dexter vart fødd og voks opp i Stamford i Lincolnshire. Han fullførte klassiske studiar ved Christ's College ved universitetet i Cambridge i 1953. Han var lærar i klassisk litteratur ved fleire skular før sviktande høyrsel tvinga han til å gå av i 1966. Han fekk arbeid for eksamenskomitéen University of Oxford Delegacy of Local Examinations (UODLE) i Oxford og arbeidde der fram til 1988.
Dexter byrja skriva om inspektør Morse som ein reaksjon på dårlege krimbøker på ein ferie. Den første boka om Morse kom ut i 1975 og den siste i 1999. Colin Dexter medverka også i fjernsynsserien om inspektør Morse, han kom med idéar og hadde korte opptredenar i mange episodar. Han har også hatt ei aktiv rolle i den påfølgjande serien om inspektør Lewis.
Colin Dexter hadde mange personlege likskapar med inspektør Morse, mellom anna ei stor interesse for kryptiske kryssord. Namna til Morse og Lewis kom frå «rivalar» av Dexter som stadig vann dette kryssordet i The Observer
Dexter døydde heime i Oxford den 21. mars 2017.[1]
(på Macmillan)
(saman med E.G. Rayner på Pergamon Press)