Christoffer Selbekk | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 26. mai 1939 |
Død |
11. januar 2012 (72 år) |
Yrke | skihoppar, forretningsdrivande |
Christoffer Selbekk (26. mai 1939–11. januar 2012) var ein norsk forretningsmann og skihoppar frå Stadsbygd. Han var busett på Eiksmarka i Bærum.
Selbekk studerte økonomi ved University of Denver, der han tok eksamen i 1962. Han var administrerande direktør i firmaet Tretorn Norge 1974-78, og frå 1978 i eige firma, Chrisco Sport. Selbekk var med i styringa av både Norges Skiforbund og Norges Golfforbund.
Skihopparen Selbekk representerte Stadsbygd Idrettslag. Han fekk plass i den norske hopptroppa til Ski-VM 1966 i Oslo, og vart overraskande nummer 5 i storbakken. I normalbakken vart han nummer 42. Hans beste enkeltresultat i internasjonale renn kom i den tysk-austerrikske hoppveka 1966/67. Han fekk då ein fjerdeplass i Innsbruck 6. januar 1967, Bjørn Wirkola vann rennet. Samanlagt i hoppveka vart Selbekk nummer 19. I noregsmeisterskapane hadde han som best to sjetteplassar.