Charles-Valentin Alkan

Fotografi i sepia av Charles-Valentin Alkan.
Fødd30. november 1813
FødestadParis
Død29. mars 1888 (74 år)
DødsstadParis
FødenamnCharles-Valentin Morhange
OpphavFrankrike
PeriodeRomantikken
SjangerKlavermusikk
Instrumentorgel, piano
Verka somKomponist, pianist
Le chemin de fer, 'Jarnvegen'), pianosolo av Charles-Valentin Alkan.

Charles-Valentin Alkan (30. november 181329. mars 1888) var ein fransk-jødisk komponist og ein av dei største pianovirtuosane i si levetid. Komposisjonane hans for piano solo er mellom dei vanskelegaste som nokon gong er skrivne og blir relativt sjeldan oppført.

Livet

[endre | endre wikiteksten]

Alkan vart fødd som Charles-Valentin Morhange som eitt av dei seks borna (fem brør og ei søster) i ein jødisk familie i bydelen Le Marais i Paris. Han og brørne hans tok i bruk førenamnet åt far sin, musikklæraren Alkan Morhange, som familienamn. Mora heitte Julie Abraham. Charles-Valentin Alkan tilbrakte livet sitt i og kring Paris og døydde der 74 år gammal.

Familien

[endre | endre wikiteksten]

Namnet åt mora var Julie Abraham. Faren til Charles-Valentin, Alkan Morhange (17801855), var styrar for ein internatskule for musikk i rue des Blancs-Manteaux i Paris. Forfedrane åt Morhange-familien kom frå landsbyen Morhange i Mosel, dit forfedrane deira att hadde vandra i mellomalderen. Julie og Alkan fekk i alt seks born — eldste barnet var dottera Céleste (f. 1812); Charles-Valentin var nummer to; og namna åt dei tre yngre brørne var Ernest (f. 1816), Maxime (1818), Napoléon (18261910) og Gustave (f. 1827).

Utdanning

[endre | endre wikiteksten]

Alkan var eit vedunderbarn. Han byrja studia ved Konservatoriet i Paris da han var seks år gammal og studerte både piano og orgel. Mellom lærarane var Joseph Zimmermann, som òg var læraren åt Georges Bizet, César Franck, Charles Gounod og Ambroise Thomas. Da han var sju år gammal vann han ein førstepris i solfège, og da han var ni år gammal skildra Luigi Cherubini teknikken og ferdigheitene hans som heilt utanom det vanlege. Sitt opus 1 fekk han utgjeve i 1828, da han var 14 år gammal.

Karrieren

[endre | endre wikiteksten]

Frå tjueårsalderen spela Alkan på konsertar i elegante sosiale krinsar og underviste i piano. Av vennene hans kan nemnast Franz Liszt, Frédéric Chopin, George Sand, og Victor Hugo. Da han var 24 år gammal hadde han allereie arbeidd seg opp eit ry som ein av dei store pianovirtuosane i si tid i konkurranse med andre turnerande pianistar på denne tida, slik som Sigismond Thalberg, Friedrich Kalkbrenner — og endatil Liszt. (Liszt uttala ein gong at Alkan hadde den mest perfekte teknikken han nokon gong hadde sett.) Av ymse grunnar trekte Alkan seg meir eller mindre attende frå livet som aktiv utøvar frå 25-årsalderen av. Ein del av grunnen var omsorga for og etterkvart undervisninga av sonen Elie-Miriam Delaborde (18391913). Andre grunnar inkluderer sosial blygskap og trong til å gå eigne vegar. Kring midten av 1840-åra gav han i alt fire konsertar; i 1853 gav han to konsertar att. I dei neste tjue åra gav han ikkje ein einaste konsert. Lite er kjent om denne perioden av livet hans, anna enn at han dreiv omfattande studium av Tanákh og Talmúd.

Ein biografi, Alkan: the man, the music (opphavleg i to band) er skriven av pianisten og Alkan-kjennaren Ronald Smith.

Død

[endre | endre wikiteksten]

Eit mykje sitert rykte seier at Alkan døydde da ei bokhylle braut saman over han i heimen hans — historia seier at dette skjedde da han prøvde å nå i eit band av Talmúd. Han skal ha plassert dette mangebandsverket på øvste hylla — nærmast mogleg himmelen. Charles-Valentin Alkan vart gravlagd på Cimetière de Montmartre i Paris.

Musikken

[endre | endre wikiteksten]

Som Chopin, skreiv Alkan òg mesta utelukkande for piano. Musikken hans krev ein slåande og mesta umenneskeleg virtuositet frå utøvaren. Eit av dei mest spela stykka hans i dag er den bisarre «Marche funebre sulla morte d’un papagallo» («Sørgjemarsj over ved ei papegøyes død») for to sopranar, alt, tenor, bass, tre oboar og fagott — eit av dei få bevarte verka hans for andre instrument enn piano. Andre vesentlege komposisjonar inkluderer hans Grande Sonate Les quatre âges (op. 33) og dei to setta av etydar i alle dur- og molltoneartar (op. 35 i dur og op. 39 i moll).

Desse sistnemnde er samanliknande i vanskegrad og kompleksitet med Etudes d'exécution transcendantes av Liszt. Nummer 8–10 av op. 39 utgjer Konsert for piano solo — eit verk som tek mesta ein time å spela og som er svært utfordrande for utøvaren. Nummer 4–7 i same verket utgjer tilsvarande Symfoni for piano solo. Han skreiv òg eit variasjonsverk, Æsops fest, og eit programmatisk verk, Le chemin de fer (1844), som truleg er det eldste stykket programmusikk som skildrar ein jarnbane.

Musikalsk sett var mange av idéane hans ukonvensjonelle og fornyande. Ein del av fleirsats-komposisjonane hans viser «progressiv tonalitet» på liknande vis som verka åt Carl Nielsen. Slik byrjar t.d. den første kammerkonserten hans i a-moll og endar i E-dur. Han unngjekk kompromisslaust einharmonisk notasjon og modulerte nokre gonger til noterte toneartar med dobbelkryss eller dobbel-bar, til irritasjon for pianistar som dermed stundom lyt lesa innfløkte ting som tredoble kryss.

Alkan ser ut til å ha hatt få direkte etterfølgjarar. Ein komponist som ser ut til å ha fortsett i Alkan si lei er Kaikhosru Shapurji Sorabji, sjølv om Sorabji sjølv hevda at førebiletet hans var Ferruccio Busoni. Men Sorabji fremja Alkan sin musikk i kritikkane sine og skreiv eit verk der ein av satsane heitte «Quasi Alkan». Alkan var sett opp til av fleire i si samtid; mellom desse var Busoni og Anton Rubinstein. Rubinstein dediserte ein konsert åt han. Både Debussy og Ravel studerte musikken hans med lærarar som kjende Alkan, og dei nemnde begge at dei stod i gjeld til eksempla hans.

I mange år etter at han døydde var verket åt Alkan mesta heilt gløymt. I løpet av 1900-talet har det litt etter litt vorte meir interesse for musikken hans att. Blant utøvarar som har spela inn verk av han kan nemnast Egon Petri, John Ogdon, Raymond Lewenthal og Ronald Smith; og, meir nyleg, Jack Gibbons, Marc-André Hamelin og Stephanie McCallum

Verk

[endre | endre wikiteksten]

Ungdomsverk

[endre | endre wikiteksten]

18331840

[endre | endre wikiteksten]

18441850

[endre | endre wikiteksten]

18561861

[endre | endre wikiteksten]

18671872

[endre | endre wikiteksten]

18791883

[endre | endre wikiteksten]

Transkripsjonar

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Charles-Valentin Alkan
Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Charles-Valentin Alkan