Cathrine Dekkerhus | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. september 1992 (31 år) Kongsvinger kommune |
Yrke | fotballspelar |
Cathrine Dekkerhus på Commons |
Cathrine Høegh Dekkerhus (fødd 17. september 1992) er ein norsk fotballspelar frå Kongsvinger som vann EM-sølv med Noreg i 2013. Ho spelar på LSK Kvinner FK (2020).
Dekkerhus debuterte for Noreg i januar 2013. Eit halvt år seinare fekk ho spele EM-finale mot Tyskland frå sin vande midtbaneplass. Også i 2014 og -15 spelte ho nokre landskampar, men vart ikkje teken med i VM-troppa 2015 og stoppa dermed opp med 23 landskampar.
Frå 2008 til -10 var Dekkerhus aktiv i Team Strømmen og etterfylgjaren LSK. Ho melde frå 2011 overgang til Stabæk IF og spelte for laget i seks år.