Byllepest er den vanlegaste forma for pest[1] og har stått bak fleire epidemiar og pandemiar gjennom historia. Svartedauden på 1300-talet var sannsynlegvis ein byllepestpandemi. I dag er sjukdommen lite utbreidd, men finst framleis i nokre område.
Infeksjonssjukdommen er forårsaka av bakterien Yersinia pestis og er kjenneteikna av lymfeknutar som hovnar opp til store, væskefylte byllar. Desse kan det gå koldbrann i slik at dei får ein blåsvart farge. Same bakterien kan òg føra til lungepest (lungebetennelse) eller blodforgifting (sepsis) ved at dei spreier seg i kroppen med blodet. I nokre høve kan dei også føra til hjernehinnebetennelse (meningitt).[1]
Byllepest vert spreidd til menneske med lopper frå gnagarar og rotter. Byllepest hadde, slik han arta seg i seinmellomalderen, ein letalitet på 50-60 %.[2] I moderne tid har sjukdommen ein letalitet på 30-60 %. Byllepest kan behandlast med antibiotika, og tidleg behandling gjev betre prognosar.[3]
Frå 2010 til 2015 blei det rapportert om 3 248 tilfelle av pest i heile verda. 584 av dei førte til dødsfall. I dag er sjukdommen vanlegast i Afrika, og mest endemisk i Den demokratiske republikken Kongo og på Madagaskar. Han finst også i Peru.[3]