Brunkolibri | |
![]() Foto: Alejandro Bayer Tamayo
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() ![]() Utbreiinga av Brunkolibri | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
Familie: | Kolibriar Trochilidae |
Underfamilie: | Polytminae |
Slekt: | Colibri |
Art: | Brunkolibri C. delphinae |
Vitskapleg namn | |
Colibri delphinae Lesson, 1839
|
Brunkolibri (Colibri delphinae) er ein kolibriart av «mangoar» i underfamilien Polytminae. Arten har eit vidt, men usamanhengande utbreiingsområde gjennom Mellom-Amerika, langs Andesfjella til Bolivia, i Tepui-området i fire land, samt ein isolert populasjon i Bahia, Brasil. Brunkolibrien har ingen underartar.[1]
Brunkolibrien er ein lite iaugefallande kolibri. Kroppslengda blir omtrent 11 til 12 cm vekta er 5,5 til 8 gram. Nebbet er relativt kort. Kjønna har like fjørdrakter, hannen har noko større lengdemål enn hoa bortsett frå lengda på nebbet. Vaksne brunkolibriar er hovudsakleg gråbrune, med fint farga grønt på ryggen. Ein lillafarga lapp strekkjer seg frå undersida av auget ned over øyredeksla. Ei brei skjeggstripe er brunkvit. Nedre og midtre del av strupeområdet glitrar grønt til blått. Nebbet er svart og beina mørkegrå. Ungfuglar skil seg frå vaksne med meir brunt til oransje på ryggen og mangel på blåfiolett farge på øyrelappen.[2]
Denne arten lever i eit rikt utval av habitat over eit oppstykka utbreiingsområde som femnar om alle landa i Mellom-Amerika frå søraustlege Guatemala og Belize til Panama, fuktig og relativt lågt langs Andes frå Venezuela gjennom Colombia og Ecuador, i Peru og Bolivia langs fuktige, austlege sider av Andes. Eit anna større samanhengande utbreiingsområde går over Guayanaskjoldet med Gran Sabana i delstatane Bolívar og Amazonas i Venezuela. Området strekker seg vidare over nordlegaste Brasil og Guyana. Ein populasjon finst i Sucre i Venezuela og på Trinidad og Tobago og ein annan i Serra do Sincorá, Bahia, austlegaste Brasil. Her søkjer dei føde i utkantar av fuktige skogsområde, høg sekundærvegetasjon, elles halvopne habitat som kaffiplantasjar og andre opningar med høge tre som skaper skyggar. Dei føretrekkjer kuperte område og lågare fjellområde, men sesongmessig finst han av og til i låglandet. Høgda over havet varierer totalt mellom 100 og 2000 moh., men hekking skjer høgare enn 500-900 moh.[2]
Brunkolibriar tar nektar frå eit stort utval av blomstrande relativt høge treslag, og mest frå dei med korte kronblad. Dette inkluderer treslag som Inga og Erythrina, men òg ei rekke slekter av epifyttar. Blomstrane er vanlegvis i dei midtre nivå til høgt oppe i trekronene. Av og til vitjar brunkolibriar også svært lågtveksande blomstrar. Dei er ekstremt territoriale og spesielt dominerande over andre, mindre kolibriartar. Dei jaktar jamleg på mindre insekt frå greina si i eit tre eller dei stiller i tretopphøgder og svingar seg ned for å fange insekta.[2]
I samband med hekkesesongen samlast hannar i små til større flokkar i leik.
IUCN har vurdert brunkolibrien til å vere livskraftig, storleiken på populasjonen er 0,5 til 5 millionar modne individ og trenden er avtakande. Arten blir rekna som sjeldan i utbreiingsområdet som dessutan er oppstykka.[3]