Velkommen

[endre wikiteksten]

Velkommen til Wikipedia, «Midtaustenkonflikta-mannen»! -- Olve 1. mai 2006 kl. 18:17 (UTC)

Nynorskordboka

[endre wikiteksten]

Nynorskordboka er ei kjelde som er grei å ha. -- Olve 1. mai 2006 kl. 18:17 (UTC)

Ei åtvaring

[endre wikiteksten]

Vi skriv eit leksikon her, ikkje eit krigshissarmeinigheitsblad. At du gjev uttrykk for ditt politiske syn på brukarsida di er greitt. Det har du og t.d. Erling like stor rett til. Det er derimot ikkje greitt å komma med stygge utfall mot enkeltpersonar og grupper på det viset du gjer no. (For ordens skuld: Eg er sjølvsagt 100 % mot boikott av Israel og er partipolitisk uavhengig. Helsa mi (og andre folk si helse her og andre stader) rakar deg ikkje.) Situasjonen med midtaustenartiklane her på Nynorsk Wikipedia er faktisk at folk viser moderasjon. Vi treng definitivt ikkje at nokon kjem og hissar til krig der og tiltrekk seg politiske ekstremistar frå begge ytterpunkta av det politiske spektrumet. -- Olve 1. mai 2006 kl. 18:17 (UTC)

Om vitsebilete er seriøsitetsgraden din, så kan du berre førebu deg på utestengjing her og no. Og det er jo synd, for du har no sikkert kunnskapar som kunne vera til nytte. Men dette er altså heilt og fullt opp ti deg: Om du gjer seriøst og etterretteleg arbeid og rettar deg inn etter samarbeidstradisonen vi har her, så er du som sagt hjarteleg velkommen. Om ikkje, så ber det rett ut her som på Bokmålswikipediaen. -- Olve 2. mai 2006 kl. 08:59 (UTC)

Eg stør Olve i dette. Me har mykje arbeide å gjera og kan ikkje i all æve bruke tid på å rydde. --Ekko 2. mai 2006 kl. 10:32 (UTC)
Bare blokker ham med en gang. Han er et troll som ikke har noe bedre å gjøre enn å sitte på ræva og klage på kapitalister og sosialister (som tydeligvis er noe av det verste som finnes, finnes overalt, og fortjener å dø). Jon Harald Søby 2. mai 2006 kl. 11:45 (UTC)
Her på nynorsk-Wikipedia skriv me på nynorsk. Det du kjem med der er ikkje noko anna enn eit usakeleg personangrep. Eg klagar ikkje på kapitalister, ignoranten, eg er sjølv laissez-faire-kapitalist. --Midtaustenkonflikta-mannen 2. mai 2006 kl. 16:54 (UTC)
Karakteristisk nok gidd du ikkje svara på tiltale (og det er det rikeleg med), men går i staden til angrep på Jon Harald for bruk av målform (som sjølvsagt er revnande likegyldig på diskusjonssider) og «personangrep» (noko du sjølv ettertrykkeleg har markert deg som ekspert i bl.a. på di eiga brukarside her og på Bokmålswikipediaen). Av omsyn til vår arbeidsmengd (vi har ikkje tid til å fotfølgje dei usaklege redigeringane dine), vårt lokale arbeidmiljø (du viser ikkje teikn på ekte samarbeidsvilje, men svarar på kritikk gjennom usaklegheiter) og din tydelege forakt for samarbeid, blokkerer eg deg no inntil du kan leggje fram bevis på at du har vakse opp og greier å samarbeide med andre på ein nokolunde positiv måte. -- Olve 2. mai 2006 kl. 17:58 (UTC)

Økonomiartiklar

[endre wikiteksten]

Heisann du! Det er svært mange artiklar som skulle vore skrive eller eventuelt omsett innan kategori:økonomi. Kanskje du kan hjelpe til litt, iallfall innan bedriftsøkonomi, sidan du er siv.øk? Eg er for tida lite aktiv, pga. at eg ikkje har Internett på hybelen. (Har imidlertid flytta og skal bestille breiband snart, så det betrar seg nok.) Her er eit framlegg til start: Omsetjing frå nb:kategori:økonomi! :) For øvrig meiner eg nok ein del meir enn du at til dømes kollektive gode, eksternalitetar og andre marknadsimperfeksjonar er relevante, slik at noko forsøk på verving til DLF ikkje vil føre fram. Men, men. Velkommen likevel! --Erlend 2. mai 2006 kl. 18:00 (UTC)

OK, du vart blokkert no ser eg. Kanskje sidan da :) --Erlend 2. mai 2006 kl. 18:01 (UTC)

Flytta frå Wikipedia:Samfunnshuset --Gunnernett 23. mai 2006 kl. 19:38 (UTC)

Artikkelen nazisme blir stadig sletta

[endre wikiteksten]

Artikkelen nazisme blir stadig sletta av ein brukar som tidlegare var anonym, men som no heiter Brukar:Midtaustenkonflikta-mannen (trur eg). Han vil erstatta heile artikkelen med artikkelen på:no. denne er omstridt. Eg har gjentatte gongar oppmoda han til å ta ein diskusjon på kva som er gale i artikkelen som han står. Eg har ikkje fått nokon slags respons på dette.

Eg vil derfor gjera eit framlegg om avrøysting om kva for artikkel som skal leggjast til grunn: Opphaveleg nynorskartikkel eller bokmålsartikkelen. --Ekko 1. mai 2006 kl. 17:58 (UTC)

Eg har no rulla attende til opphaveleg versjon og verna denne. Mitt ærlege framlegg er at me lar han stå slik til me har komme fram til ei omforeint løysing. Vonar alle kan vera med på det og at me kan drøfta gode/dårlege sidar ved artiklane eit par dagar før me tar ei avgjerd. --Ekko 1. mai 2006 kl. 18:27 (UTC)

Korleis handtera Brukar:Midtaustenkonflikta-mannen ?

[endre wikiteksten]

Denne brukaren endrar artiklar til særs lite anerkjente synspunkt, t.d. at Demokratene er eit sosialdemokratisk parti, utan å ville argumentera for endringane. Me får ein klassisk attenderullings-krig.

Vidare har han sletta artikkelen om nazisme av di han ikkje lika han og vil erstatte han med ein omstridt artikkel frå :no. Igjen vil han ikkje argumentera for synspunkta sine og igjen får me ein klassisk attenderullings-krig.

Eg er i stuss på korleis me grip dette an. Eg er ingen tilhengjar av å halde folk ute. Men me kan etter mitt syn heller ikkje ha slik alleinegang og vegring mot saklegt ordskifte. Kva gjer me? --Ekko 1. mai 2006 kl. 18:12 (UTC)

Eg har skrive ei åtvaring åt honom. Det var før eg såg at han driv og vandaliserer nazismeartikkelen. Sperr ikkje skikkeleg folk ute er ein grei kjøreregel. Men folk som injurierer (sjå brukarsida hans) og systematisk vandaliserer med erklært ytre høgre- eller venstreekstrem agenda er ikkje velkomne her. Eg vil sjå på kva han har gjort av redigeringar no. Om nødvendig får vi blokkere han for 24 timar og sjå om ting betrar seg. Fortset han hatkampanjen og vandalisering etterpå, kan vi blokkere han i nye 24 timar. Om han så fortset på same viset, kan vi vurdere ei permanent utestenging. -- Olve 1. mai 2006 kl. 18:24 (UTC)
Ei viktig poeng er at det faktisk står bra ting i artikkelen han vil ha inn, innimellom ting som ikkje er bra i det heile. Det eg reagerar sterkast på er at eg ikkje kan få han til å arbeide innafor konsensus-modellen. Og då går det ikkje. --Ekko 1. mai 2006 kl. 18:30 (UTC)
Ja, krigshissing og personkrenkingar (sjå brukarsida hans) er ikkje akseptable måtar å gjera det på. Han har òg som tydeleg mål å fjerne alle referansar til høgreekstremisme i artiklar om høgreekstreme parti og framstille dei som «sosialistiske». At enkelte politiske miljø langt ute på høgresida har dette synet på den fascismen dei ser i desse partia er sant og greitt nok, men dette bør heller inn som ein detalj i en artikkel om dei delane av høgresida som har dette synet. -- Olve 1. mai 2006 kl. 18:46 (UTC)
På no: har no:Bruker:Midtøstenkonflikten-mannen vorte blokkert ymse gonger. På no: driv han med fremjing av eigne synspunkt, og utskjelling av administratorane for å vera sosialistar. "Sosialist" er visst eit typisk skjellsord ... --Gunnernett 1. mai 2006 kl. 18:42 (UTC)
Ja, no har eg orientert meg litt meir òg. Eg hellar meir og meir til å stengje han ute til han lærer å samarbeide ein eller annan stad. -- Olve 1. mai 2006 kl. 18:46 (UTC)

Vi har hatt en del problemer på no med vedkommende. Bidragene er ikke særlig balanserte, og omtale av andre brukere er tildels ufin. Det kan være verd jobben å ta en titt på hva hva IP-adresser vedkommende opererer fra. Hvis dere ønsker å la han fortsette så er det overveiende sannsynlig at noen av dere må sette av en del tid til å følge opp vedkommende. — John Erling Blad (jeb) 1. mai 2006 kl. 21:08 (UTC)

Blokkeringen (3 mnd) gikk ut den 14. mai på no:, han ble på nytt blokkert for en uke etter kort tid, neste gang dette sjer vil han etter all sansynlighet bli blokkert permanent. Mvh Røed 18. mai 2006 kl. 22:29 (UTC) (bokmål)
Takk for opplysinga. --Ekko 18. mai 2006 kl. 22:45 (UTC)

Slutt på tekst flytta frå Wikipedia:Samfunnshuset av --Gunnernett 23. mai 2006 kl. 19:38 (UTC)