Brudavollen | |||
stad | |||
Brudavolltunet
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Ørsta | ||
Del av | Stiftinga Viti | ||
Postnummer | 6150 ØRSTA | ||
Gardnummer | 21 | ||
Brudavolltunet 62°11′10″N 6°11′36″E / 62.18611111°N 6.19333333°E | |||
Wikimedia Commons: Brudavolltunet |
Brudavolltunet er eit museum i Ørsta på Sunnmøre. Museet er eit eldre gardstun som vart kjøpt til museumsføremål i 1958. Tunet ligg ikkje langt frå Høgebrua på Fv 655, om lag 5 km frå sentrum i Ørsta.
Brudavollen har truleg vore busett sidan 1500-talet. På 1600-talet vart tunet teke av skred (vassfonn) og husa flytt til ny stad på eigedomen. Garden har etter det ein kjenner til vore einbølt. I si tid var han det gardsbruket i Ørsta med størst jordvidde. Slik tunet står i dag syner det ein vanleg heim i fiskarbondesamfunnet på 1800-talet. Etter at Ørsta bygdemuseumslag vart stifta i 1951, kjøpte dette Brudavolltunet i 1958. Det var husa i det gamle tunet og nokre mål jord. Resten av bruket vart overteke av ny eigarar. Brudavollen er gardsnummer 21 i Ørsta kommune.
Husa i Brudavolltunet er:
Sentralt i tunet ligg ei stor steinhelle som har vorte brukt som hagebord og arbeidsplass. Hagen i tunet vart truleg tillaga på 1830-talet.
Ørsta bygdemuseumslag var eigar og drivar av Brudavollen til i 2004. Etter det har Stiftinga Brudavolltunet vore eigar. Brudavolltunet er ei avdeling av Stiftinga Viti.