British European Airways | |||
| |||
Bransje | Lufttransport | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1946 | ||
Land | Storbritannia | ||
Tenester | Douglas DC-3, De Havilland DH 114 Heron |
British European Airways, eller BEA, var eit britisk flyselskap som eksisterte frå 1946 til 1974.
BEA vart stifta ved lov, Civil Aviation Act 1946. Selskapet hadde ruter på det europeiske kontinentet og til byar i Nord-Afrika forutan på ei rekkje britiske byar. BEA var den gongen det største, innanlandske flyselskapet.
Selskapet var òg den første kunden for mange britiskbygde fly på 1950- og 1960-talet, mellom anna Vickers VC.1 Viking, Vickers Viscount, Vickers Vanguard, BAC 1-11 og Hawker-Siddeley Trident. BEA opphøyrde i 1973 då det vart slått saman med British Overseas Airways Corporation, BOAC, og danna British Airways.