Bray Head | |||
nes | |||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Bray Head 53°11′26″N 6°05′03″W / 53.190527777778°N 6.0841666666667°W | |||
Wikimedia Commons: Bray Head |
Bray Head (irsk Ceann Bré) er eit nes eller ein ås med ei høgd på 241 meter nord i grevskapet Wicklow i Irland, mellom byane Bray og Greystones. Åsen er ein del av Wicklowfjella og er ein populær stad for gåturar.
Jernbanelinja Dublin-Wicklow går på utsida av Bray Head langs kysten, stundom berre nokre meter frå klippene. Denne linja, utforma av Isambard Kingdom Brunel, vert stundom kalla «Brunel's Folly» (‘Brunels dårskap’), sidan det stadig må gjerast vedlikehald på linja ved klippene. Det tar om lag 45 minutt med tog mellom Dublin og Bray Head.