For andre tydingar av oppslagsordet, sjå borreslekta.
Borre
stad
Borrehaugane
Land  Noreg
Fylke Vestfold
Kommune Horten
Postnummer 3184 BORRE
Kart
Borre
59°22′51″N 10°27′11″E / 59.380833°N 10.453056°E / 59.380833; 10.453056

Borre (også kalla Kirkebakken) er ei bygd i Horten kommune i Vestfold . Borre har tidlegare òg vore eigen kommune, og fram til 2002 var Borre namnet på noverande Horten kommune. Bygda ligg sørom Horten sentrum. Borre var fram til 2014 som ein tettstad å rekne.

Borre kyrkje, truleg frå 1100-talet.

Her ligg Borre kyrkje. Sørom Borre ligg Høgskolen i Vestfold.

Ved Borre ligg parken Borrehaugene med den største samlinga av store kongegraver i Norden. Her ligg òg Midgard historisk senter.

Borre kommune

Borre kommune vart oppretta som Borre formannskapsdistrikt i 1837.[1] 1. januar 1858 vart Horten skild ut frå Borre som eigen kommune. Borre hadde då 2 954 innbyggjarar. Horten hadde 4 636.

Ein del av Borre med 287 innbyggjarar vart overført til Horten 1. august 1921. Ein ny del med 308 innbygjarar vart overført 1. juli 1951.

Sjå òg

Kjelder

Fotnotar

  1. 1,0 1,1 Lundbo, Sten (15. august 2019). «Borre – tidligere kommune». Store norske leksikon (på norsk). 

Bakgrunnsstoff