«Born to Be Wild» er ein song skriven av Mars Bonfire og først framført av bandet Steppenwolf. Han blir ofte brukt i både populær- og motkultur for å karakterisera utsjånaden eller haldninga til ein biker. Han er særleg kjent frå filmen Easy Rider frå 1969. Nokre gonger blir «Born to Be Wild» skildra som den første heavy metal-låten, og teksten «heavy metal thunder» i det andre verset markerer den første bruken av dette omgrepet i rockemusikk (sjølv om det ikkje er ei skildring av ein musikkstil, men snarare ein motorsykkel).[5]
Mars Bonfire skreiv «Born to Be Wild» som ein ballade.[6] Bonfire var tidlegare medlem av The Sparrows, forgjengarbandet til Steppenwolf, og broren var trommeslagar i Steppenwolf. Sjølv om han først tilbaud songen til andre band – mellom anna The Human Expression[7] – vart «Born to Be Wild» først spelt inn av Steppenwolf i ein kjappare og omarrangert versjon som AllMusic-skribenten Hal Horowitz skildra som «ein brølande hymne av turbo-ladd riffrock» og «ein tidlaus radioklassikar så vel som eit stykke 60-talsopprør som på ein gong definerer stilen til Steppenwolf og gav dei sjansen deira til AM-udøydelegheit».[6]
«Born to Be Wild» var den tredje singelen til bandet frå debutalbumet Steppenwolf frå 1968 og vart deira mest suksessfulle singel, som nådde andreplassen på Billboard' Hot100-lista. Han vart halden unna førsteplassen av «People Got to Be Free» av The Rascals.[8] I 2004 plasserte magasinet Rolling Stone' «Born to Be Wild» på 129. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.[9] I 2004 hamna han òg på 29. plassen på AFI's 100 Years...100 Songs over dei beste låtane i amerikansk film. I 2009 vart han kåra til den 53. beste hardrock-låten gjennom tidene av VH1 (den hamna på 40. plassen på VH1 si liste over dei 100 beste rock and roll-låtane ni år tidlegare).[10] I 2018 vart låten innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i ein ny kategori for singlar.[11]
I 1985 vart songen spelt inn av det australske bandet Rose Tattoo. Versjonen deira nådde 25. plassen i Australia.[33] I 2002 vart han spelt inn av Kim Wilde og gitt ut som ein singel utan album. Coverversjonen hennar nådde 84. plassen i Tyskland[34] og 71. plassen i Sveits.[35] Tanja Dexters spelte òg inn songen i 2002. Versjonen hennar nådde 21. plassen i Belgia.[36].
↑Inglis, Ian (2003). Popular Music and Film. Wallflower Press. s. 13. ISBN978-1-903364-71-0. «Steppenwolf's 'Born To Be Wild', a gritty, hard-rock song that quickly became an anthem for defiant individualism.»
↑Hoskyns, Barney (1996). Waiting for the Sun: The Story of the Los Angeles Music Scene. Viking. s. 172. «The brilliant soundtrack, including the Byrds' 'Wasn't Born to Follow', Steppenwolf's proto-metal 'Born to be Wild', and Jimi Hendrix's 'If Six Was Nine', helped to set the film in a kind of outlaw-rock'n'roll context.»
↑«Italian single salstrofé – Steppenwolf – Born to Be Wild» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry.Select Online in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Steppenwolf in the field Artista. Click Avvia la ricerca