Borken | |||
by | |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Stat | Hessen | ||
Areal | 82,46 km² | ||
Folketal | 12 555 (31. desember 2022) | ||
Borken (Hessen) 51°02′57″N 9°16′45″E / 51.04915°N 9.2793°E | |||
Wikimedia Commons: Borken (Hessen) | |||
Borken er ein by og ein kommune i Schwalm-Eder-Kreis nord i forbundslandet Hessen i Tyskland. Kommunen hyser kringom 12 500 ibuarar og omfattar 82,5 km². Byen ligg 50 kilometer sørvest for Kassel.
Borken var ein gruveby basert på utvinning av brunkol. Etter ei ulukke i 1989 som kosta 51 menneskeliv vart all gruve-verksemd avvikla. Dei tidlegare dagbrota har sidan vorte omgjort til naturområde, både land- og vassområde.