Bonifaciosundet (før 1861 stava Bonifaccio) er sundet mellom Korsika og Sardinia, kalla opp etter den korsikanske byen Bonifacio. Det er om lag 11 km breitt[1] og går mellom Tyrrenhavet og det vestlege Middelhavet. Den største djupna er 100 meter.[2]
Maddalenaøyane ligg i sundet, like nord for Sardinia.
Sjømenn har i lange tider frykta dette farvatnet på grunn av vêret, havstraumane, grunnene og andre hindringar. Den mest kjende ulukka i Bonifaciosundet var då den franske fregatten «Sémillante» forliste her 15. februar 1855. Skipet hadde forlate hamna i Toulon dagen før og var på veg til Svartehavet med troppar til Krimkrigen. Ho vart råka av ein storm, trefte eit rev og sokk. Ingen av dei 750 om bord overlevde. I 1993 forliste eit tankskip her, og etter den tid har det vore forbode for franske og italienske skip med farleg gods å passere sundet. Skip med farleg last under andre flagg blir frårådd å sigla her og må ha med los.[3][4]