Bok-kuler, òg kalla globule, er mørke og kalde skyer av støv og gass so tette at dei stengjer for alt lys som kjem bakanifrå.[1] Bok-kuler er å finna i H II-regionar[2], som er område med aktiv stjernedanning, og det er anteke at det kan føregå stjernedanning inne i sjølve bok-kulene.[1]
Namnet kjem frå den nederlandsk-amerikanske astronomen Bart Bok som var den første til å skildra desse objekta i ein publikasjon i 1947.[2]