Bognor Regis | ||
---|---|---|
Sjøsida i Bognor Regis | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | West Sussex | |
Distrikt | Arun | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
4,86 km² | |
Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik |
66 930 13 771,6 /km² | |
Koordinatar | 50°47′N 0°40′W / 50.783°N 0.667°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | PO21-22 | |
Telefon-retningsnummer | 01243 | |
Bognor Regis er ein by ved kysten av West Sussex i England.
Staden var opphavleg ein liten landsby kalla Bognor, der innbyggjarane fram til 1700-talet først og fremst levde av fiske og smugling. I løpet av 1700-talet gjorde Richard Hotham Bognor om til ein feriestad, og i løpet av dei neste hundre åra tok turisme gradvis over som viktigaste næringsvegen. I 1927 vitja Georg V staden, og som ei følgje av hans kongelege patronat vart namneleddet Regis («kongeleg») lagt til. Ei segn fortel at dei siste orda til kongen, då han fekk høyre at han snart ville vere på føtene igjen og tilbake i Bognor, var «Bugger Bognor!», det vil seie «Pokker ta Bognor!»[1][2].
Landsbyen Felpham, der diktaren William Blake ein gong budde, har vorte ein forstad til Bognor Regis.
I 1960 opna sir Billy Butlin ein av sine kjende ferieleire, Butlins Holiday Camps, i Bognor Regis. Han vart seinare kalla Southcoast World, inntil 1998 då dei fekk namnet Butlins Bognor Regis.