Bodega Band | |||
Aktiv | 1929– | ||
---|---|---|---|
Sjanger | jazz | ||
Plateselskap | Edition of Contemporary Music |
Bodega Band er eit norsk jazzorkester skipa i i Trondheim i 1929. Det er ein del av Studentersamfundets Orkester ved Studentersamfundet i Trondheim.
Den opphavlege sekstetten blei grunnlagd under UKA og leidd av den seinare skipsingeniøren og verftsdirektøren Johan David Behrends (1910–90) frå Bergen.[1] Besetninga var Arnfinn Hjulstad (tenorbanjo), Behrens (fiolin), Arvid Ruud (batteri), Leif Berg Jansen (trompet), Hans Sørum (piano) og Erik Müller (tenorsax).[2] Heimescena var «Bodegaen» i Studentersamfundet, men orkesteret turnerte elles ein del i landet.
Bandet hadde ein av svært få kvinnelege utøvarar i pianisten Inger Mikkelsen Røsoch (1905–1997). Bodega Band fungerte som revyorkesteret under UKA og var fram til andre verdskrigen ein hyppig gjest i Sverige. Frå 1945 var leiaren og arrangøren Ragnvald Sexe sentral i utvidinga til eit 12-manns orkester.[3] Kring 1953 var Per Dreier dirigent ei tid.[4] Etter ei tid i dvale kom det ny giv kring 1958 med dirigenten og klarinettisten Jostein Gjersvik.[5] Han hadde med seg trombonisten og den seinare musikkprofessoren Asbjørn Krokstad, og dessutan trommeslagaren Bonsak Schieldrop. Bandet utvikla en 17-manns besetning etter modell av Count Basie, og var rekna som eitt av dei fire–fem viktige storbanda i landet med standardlåtar på reportoiret.
Rundt 1971 kom pianisten og arrangøren Per Husby frå Oslo med, og var saman med akustikaren og bassisten Jan Tro frå Kirkenes sentral i ei kursendring med større innslag av eigen musikk. Dei blei hjelpte av utøvararar og komponistar som trompetisten og kjemistudenten Lars Martin Thomassen frå Molde, gitaristane Eirik Lie/Tor Halmrast og Torgeir Døssland på altsax og klarinett. Eit høgdepunkt var besøket i 1972 av den amerikanske trompetisten og instruktør Clark Terry.[a][6]
I denne perioden hadde gruppa også turné til Reykjavík (1978), konsertar på Moldejazz (1977) og Festspillene i Nord-Norge (1973), og dessutan tre plateutgjevingar med eigen musikk, på Plateselskapet, Studentersamfundet i Trondhjem (1973, 1974 og 1977). Sidan etableringa av jazzlinja på NTNU har gruppa fått eit større tilfang av utøvarar. Jarle Førde var leiar frå 1981.[7] Vigleik Storaas var leiar ei tid frå 1990, då bandet også fekke ei omorganisert form. Eldbjørg Raknes (vokal) og David Gald (tuba) har også medverka.