Berhane Adere | |
Statsborgarskap | Etiopia |
Fødd | 21. juli 1973 (51 år) Shewa |
Yrke | maratonløpar, friidrettsutøvar, langdistanseløpar |
Høgd | 170 centimeter |
Berhane Adere på Commons |
Berhane Adere (fødd 21. juli 1973) er ein etiopisk tidlegare langdistanseløpar som vart verdsmeister på 10 000 meter i 2003 og elles vann to VM-sølv på same distansen.
Etter fire sesongar med gode internasjonale resultat lukkast Adere i 2001 vinne ein medalje i eit stort meisterskap. Under VM 2001 i Edmonton tok ho sølvmedaljen på 10 000 meter, fattige fire hundredels sekund bakom landskvinna Derartu Tulu. Året etter vann Adere gull på 5 000 meter i afrikameisterskapen og i halvmaraton.
2003-sesongen innleia Adere med å verte innandørs verdsmeister på 3000 meter. Den 27. juni presterte ho råsterke 14.29,3 på 5 000 meter i Oslo. Høgdepunkt kom likevel under VM 2003 i Paris med siger på 10 000 meter. Vinnartida 30.04,1 var etiopisk rekord inntil Tirunesh Dibaba slo rekorden i 2008. I friidretts-VM 2005 i Helsinki sikra Adere seg ein ny sølvmedalje på 10 000 meter, bakom nemnde Dibaba.