Bensinavgift blir bruka om offentlege avgifter som blir lagt på den ordinære avansen oljeselskapa reknar for bensin. Bensinavgifta består av statlege, fiskale avgifter og miljøavgifter der drivstoffavgift og meirverdiavgift utgjer ein hovuddel. Summen av avgiftene og prisen til oljeselskapa utgjer til saman den prisen kunden må betale for bensinen.
Bensin- og dieselavgiftene er eit stadig emne for oppheita politisk debatt og misnøye til mange forbrukarar. Som miljøskatt viser bensinavgiftene seg i stor grad å skattleggje dei som faktisk forureinar. Drivstoffutgifter utgjer 3,5 % av utgiftene til eit vanleg norsk hushald.