Bar Refaeli | |||
| |||
Fødd | 4. juni 1985 (39 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Olesh | ||
Fødenamn | בר רפאלי | ||
Verka som | skodespelar, modell, programleiar, filmskodespelar, forretningsdrivande, gründer, fjernsynsskodespelar, teaterskodespelar, brand ambassador, celebrity branding, reality television program judge, realitydeltaker | ||
Mor | Tzipi Refaeli | ||
Far | Rafi Refaeli | ||
Ektefelle | Adi Ezra | ||
Sambuar | Leonardo DiCaprio | ||
Prisar | Vienna Fashion Awards |
Bar Refaeli (fødd 4. juni 1985 i Hod HaSharon) er ein israelsk supermodell, tv-vert, skodespelar og forretningskvinne. Ho var ein av fire programleiarar som leia Eurovision Song Contest frå Tel Aviv i mai 2019.[1]
Refaeli vert sett på som ein av dei mest suksessrike internasjonale modellane frå Israel, saman med blant andre Nina Brosh[2] og Michaela Bercu.[3][4] Som eit resultat av ein vellukka modellkarriere og investeringar, har Refaeli opparbeidd seg ein nettoformue på 20 millionar dollar i 2015.[5] Ifølgje Forbes Israel var Refaeli Israels best betalte modellen i 2013, føre andre israelske modellar som Esti Ginzburg, Gal Gadot og Shlomit Malka.
Refaeli var framsidemodell for symjedrakt-nummeret til Sports Illustrated i 2009, og ho vart røysta fram som nummer éin på lista over dei 100 heitaste modellane i magasinet Maxim i 2012. Sidan 2013 har Refaeli vore programleiar for X Factor Israel.[6]
25. januar 2019 kunngjorde Israels offentlege kringkastingsselskap at Refaeli skulle vere programleiar for Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv saman med Lucy Ayoub, Erez Tal og Assi Azar.[7] Tal og Refaeli var hovudvertar, medan Azar og Ayoub var vertar i green room.[8]
Rafaeli har gjort ei rekkje investeringar i ulike israelske føretak og har òg etablert sine eigne føretak. Ho er aksjonær i fleire design- og moteselskap, blant dei designglas-produsenten Carolina Lemke.[9] I september 2018 vart det kjent at Kim Kardashian skulle fronte merket saman med Refaeli, og dei to skulle delta saman i ein reklamekampanje.[10]
I 2011 starta Refaeli og den tidlegare mannlege modellen Dudi Balsar opp eit netthandelsselskap kalla Under.me.[11] Selskapet sel designundertøy, og Refaeli står òg bak forretningsutviklingen av selskapet.[12] I november 2011 hadde selskapet samla 1 million dollar i risikokapital.[13]
Refaeli er ein av hovudinvestorane bak MyCheck, som handterer betalingar gjort via smarttelefonar.[14]