Ballad of Easy Rider Singel av The Byrds frå albumet Ballad of Easy Rider | ||
B-side |
«Oil in My Lamp» | |
---|---|---|
Utgjeve | 1. oktober 1969 | |
Innspelt | 18. juni 1969, Columbia Studios, Hollywood i California | |
Sjanger | Countryrock | |
Lengd | 2:01 | |
Selskap | Columbia | |
Låtskrivar(ar) | Roger McGuinn Bob Dylan (ikkje tilskriven) | |
Produsent | Terry Melcher | |
The Byrds-kronologi | ||
«Wasn't Born to Follow» (1969) |
Ballad of Easy Rider | «Jesus Is Just Alright» (1969)
|
«Ballad of Easy Rider» er ein song skriven av Roger McGuinn med hjelp frå Bob Dylan (sjølv Dylan ikkje er nemnd som medlåtskrivar) for filmen Easy Rider frå 1969.[1] Songen kom første gong ut i august 1969 på filmmusikkalbumet til Easy Rider som eit solospor av Roger McGuinn.[2] Ei nyinnspelt utgåve vart sida spelt inn av bandet til McGuinn, The Byrds og gjeven ut på singel i oktober 1969.[3][4] Byrds-singelen nådde 65. plass på den amerikanske singellista.[5][6] Redaktøren i Rolling Stone David Fricke har sagt at songen fanga den sosiale stemninga på slutten av 1969 på ein perfekt måte.[7]
«Ballad of Easy Rider» vart òg spelt inn av det britiske folkrockbandet Fairport Convention og versjonen deira av songen vart gjeven ut som bonusspor på 2003-utgåva av albumet deira Unhalfbricking frå 1969.[8] Vise- og bluessongaren Odetta spelte òg inn ei utgåve av songen i 1969. Andre artistar som har spelt songen er Percy Faith, Bruce Springsteen, Tom Petty and the Heartbreakers, Grant McLennan og Kathryn Williams
Studioalbum | |
---|---|
Konsertalbum | (Untitled) • Live at the Fillmore - February 1969 • Live at Royal Albert Hall 1971 |
Samleplater | The Byrds' Greatest Hits • Preflyte • The Best of The Byrds: Greatest Hits, Volume II • History of The Byrds • The Byrds Play Dylan • The Original Singles: 1965–1967, Volume 1 • The Original Singles: 1967–1969, Volume 2 • Never Before • 20 Essential Tracks from the Byrds Box Set (1965-1990) • The Very Best of The Byrds • Super Hits • The Preflyte Sessions • The Essential Byrds |
Plateboksar | The Byrds • There Is a Season |
Sjå òg: Diskografi |