Bakka kyrkje
Bakka kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Aurland
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sogn
Sokn Nærøy
Fellesråd Aurland
Stad Bakka
Type Langkyrkje
Arkitekt Chr. H. Grosch[1]
Material Tre
Innvigd 11. mai 1859[1]
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 200[1]
Kart
Bakka kyrkje
60°55′03″N 6°52′13″E / 60.9175°N 6.8702°E / 60.9175; 6.8702
Wikimedia Commons: Bakka kyrkje

Bakka kyrkje står i grenda Bakka ved Nærøyfjorden, i Aurland kommune i Vestland.[1]

Bakka kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Bakka kyrkje

Kyrkja er soknekyrkje i Nærøy sokn i Sogn prosti og er ei trekyrkje frå 1859.[1] Fram til prestegjelda vart fasa ut frå 2004 låg kyrkja i Aurland prestegjeld.

Bygget er teikna av Christian Heinrich Grosch og er lite endra sidan ho var ny.[1] Dette er den fyrste kyrkja på staden og ho vart sett opp på Bakka fordi det var midt i soknet. Før ho vart bygd sokna folket ved Nærøyfjorden og i Nærøydalen til Undredal stavkyrkje i Undredal ved Aurlandsfjorden.

Altartavla frå 1907 er måla av Nils Bergslien og har ramme skoren av Magnus Dagestad. Ho viser Jesus i Getsemane.[1]

Nærøy sokn er eit av dei minste i folketal, og det er såleis ikkje så mange som soknar til kyrkja. På den andre sida er kyrkja truleg mellom dei mest fotograferte i landet, der ho ligg så lageleg plassert for dei mange med fotoapparat om bord på turistbåtane som fer på Nærøyfjorden.

Galleri

[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Djupedal, Torkjell; Vengen, Sigurd; Gjerde, Anders. «Bakka kyrkje». Kulturhistorisk leksikon. Fylkesarkivet i Vestland. Henta 24. juni 2021. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]