Axel Oxenstierna | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 16. juni 1583 Löts socken, Fånö |
Død |
28. august 1654 (71 år) |
Yrke | diplomat, militær, grunneigar, politikar |
Språk | svensk |
Medlem av | Det Fruktbringende Selskab |
Far | Gustaf Gabrielsson Oxenstierna |
Mor | Barbro Axelsdotter |
Ektefelle | Anna Bååt |
Axel Oxenstierna på Commons |
Axel Oxenstierna (16. juni 1583–28. august 1654) var ein svensk greve og statsmann, rekna som Sveriges største statsmann i historia. Oxenstierna blei medlem av riksrådet 1609 og rikskanslar i 1612. I røynda vart han regent i 1632, ettersom dronning Kristina var umyndig, og han vert sett på som skiparen av det svenske statsapparatet. Han delte inn Sverige i jamstore län (fylke) med faste grenser som i hovudsaka er dei same framleis, og han skipa til eit embetsverk som kunne samarbeide.
Axel Oxenstierna var son til riksrådet Gustaf Gabrielsson Oxenstierna (1551-97) og Barbro Bielke, og bror til Gabriel Gustafsson Oxenstierna (1587-1640). Han gifta seg med Anna Bååt på Tidø i 1608.
Axel Oxenstierna blir betrakta som skaparen av det svenske postverket, i 1636. Han er den første svenske ikkje-kongen som har fått biletet sitt på eit svensk frimerke - i 1936, i samband med Postverket sitt 300-årsjubileum. Vidare vart han første svenske, ikkje-kongelege personen som vart portrettert på ein mynt, ein thalar mynta i Würzburg etter at kong Gustav II Adolf døydde i 1632.
Barn
Axel Oxenstierna skal ha sagt til sonen sin Johan, som før reisa til Münster tvila på evna si til å forhandle for Sverige i freden i Westfalen: An nescis, mi fili, quantila prudentia mundus regatur ('Veit du ikkje, son min, med kor lite forstand verda blir styrt').