Avhengnad er i medisinsk forstand ein tilstand som er prega av fysiologiske, kognitive og åtferdsmessige fenomen der ein person gjev bruk av eit stoff, ei gruppe med stoff eller ei åtferd, høgare prioritet til fortrenging av ei anna åtferd som personen tidlegare tilgav stor verdi.

Substans- eller aktivitetsavhengnad

Avhengnad kan delast opp i to undergrupper: substansavhengnad, dvs. fysisk eller psykisk skadeleg avhengnad av kjemiske stoff, og aktivitetsavhengnad, dvs. skadeleg avhengnad av aktivitetar som er økonomisk ruinerande eller svært tidkrevjande. Ein kan berre snakka om aktivitetsavhengnad når aktivitetane kan ha sosiale, interpersonlege, psykologiske eller økonomiske skadeverknader dersom bruken kjem ut av kontroll. Døme på aktivitetar som kan skapa avhengnad er t.d. hasardspel. Døme på stoff som gjev avhengnad er narkotika, nikotin og alkohol.

Internasjonale kriterium for avhengnad

Ifylgje International Classification of Disease skal noko berre kallast avhengnad viss minst tre av dei fylgjande kriteria er oppfylte: (Dette gjeld i fyrste rekkje substansavhengnad.)

Sjå også:

Kjelder