Atelier (uttalt atelié eller atlié, frå fransk for fransk ‘verkstad’)[1] er arbeidsrommet, studioet eller verkstaden til ein biletkunstnar, fotograf eller ein annan kreativ utøvar.[2] Nemninga blir òg brukt om arbeidslokale for kunstindustri og enkelte typar skredderi og finare systover. Tilgang på naturleg lys er ofte viktig i eit godt atelier.
Ateliers libres var uformelle akademi som utvikla seg på 1800-talet; der det blei skaffa modellar, men ikkje gitt noka undervisning.[2] Desse var ettertrakta av avantgarde-kunstnarar. Charles Gleyre sitt atelier blei brukt som møtestad for unge Monet, Renoir og Sisley,[3] og det finst ei levande skildring av den uformelle omgangsforma i George du Maurier sin roman Trilby (1894).