Arild Nyquist
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. mars 1937
Oslo
Død

21. desember 2004 (67 år)
Asker

Yrke lyrikar, skribent, musikar
Medlem av Trio Tre
Mor Gerd Nyquist

Arild Nyquist (6. mars 193721. desember 2004) var ein norsk forfattar, musikar, biletkunstnar og sceneartist.

Liv og virke

Nyquist var fødd i Oslo som son til forfattaren Gerd Nyquist. Han byrja på Statens håndverks- og kunstindustriskole for å verta målar, men debuterte som forfattar i 1963 med romanen Ringer i et sommervann. Han utdanna seg ved Statens Lærerskole i forming og frå 1968 til 1976 arbeidde han som formingslærar i Lofoten, der han hadde budd sidan 1963. Den første diktboka hans Nå er det jul igjen! og andre dikt frå 1972 fekk kritikarane til å ta fram dei store orda, om ikkje nett godorda. Nonsensdikta fall ikkje i god jord hjå kritikarstanden. Inspirert av dette, blei diktet sterkt negativt framstilt også på Stortinget i ein debatt om Norsk kulturfond og innkjøpsordninga av ny norsk litteratur.[1]

Etterkvart skulle både kritikarane og lesarane like bøkene hans betre. I tillegg til bøker av mange ulike slag laga han også plater der han framførte eigne tekstar til musikk.

Prisar og utmerkingar

Verk

Bøker

Kjelder

  1. ««Nå er det jul igjen» – glimt frå innkjøpsordningas parlamentariske pubertet», Biblioteket tar saka #librarycase (på norsk bokmål), 15. desember 2023, henta 16. desember 2023