Anne Vik
Fødd8. januar 1933 (91 år)
Trondenes kommune
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Anne Petrea Vik (fødd 8. januar 1933) er ein norsk politikar for Senterpartiet fødd i Trondenes. Vik var statsråd og sjef for Landbruksdepartementet i Jan P. Syse si regjering frå 16. oktober 1989 til 3. november 1990.

Anne Vik har hatt ei lang rekkje tillitsverv som politikar i Kvæfjord kommune og i Troms fylke. Ho har vidare hatt verv i organisasjonar, mellom anna som leiar for Norges Bondekvinnelag og medlem av styret i Norges Bondelag, og i Senterpartiet sitt sentralstyre.

Etter realskule fekk Anne Vik arbeid i Televerket frå 1951 til 1955. Då gifta ho seg og blei husmor og gardbrukar i Kvæfjord. Frå 1970-talet engasjerte ho seg i politikk. Ho var medlem av Kvæfjord kommunestyre frå 1971 til 1975. Ho var også nestleiar i skulestyret frå 1971 til 1975, i perioden etter var ho leiar. Ho var varaordførar i Kvæfjord 1995 til 1999.

Frå 1979 til 1987 var ho medlem av fylkestinget i Troms, frå 1987 til 1995 av fylkesutvalet. Som fylkespolitikar hadde ho ei lang rad fylkeskommunale verv, og hadde også mange offentlege nasjonale verv. Nokre av desse:

Verv i organisasjonar

I tillegg hadde ho mange verv i organisasjonar:

Bakgrunnsstoff