Anne Marit Jacobsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. november 1946 (77 år)
Oslo
Yrke skodespelar
Mor Randi Heide Steen
Anne Marit Jacobsen på Commons

Anne Marit Jacobsen (fødd 7. november 1946 i Oslo) er ein norsk skodespelar.

Biografi

[endre | endre wikiteksten]

Anne Marit Jacobsen scenedebuterte i 1969 på Nationaltheatret i Stein Mehrens Narren og hans hertug, der ho spela Rikke. Frå og med 1970 har ho vore tilsett ved Nationaltheatret. Opptredenen hennar som Hedvig i Vildanden av Ibsen vart send på fjernsyn same året. Seinare har det vorte mange roller, både på film, fjernsyn, teater og revy. Talentet hennar spenner vidt og ho har spela i teaterstykke av alle slag. Ho har opptredt i verk av både Holberg, Wilde, Dostojevskij, Tsjekhov, Shakespare, Dario Fo og samtidsdramatikarar som Kaj Munk og Åge Rønning. I 1989 opptredde ho med førestillinga Lilli Valentin av Willy Russel, som bestod av ein monolog for éi kvinne på scena.

I 1986 sendte NRK fjernsynsshowet «Hilde? På TV?!» som var skreddarsydd til underhaldningstalentet hennar. Showet vart NRKs bidrag til tevlinga i Montreux som kåra beste og løgnaste TV-program.

Nokre av dei best kjende film og fjernsynsrollene hennar er Marikken i Marikkens bryllup (1972), Petrine i Reisen til Julestjernen (1976), Tante Petra i Ole Aleksander Filibom-bom-bom (1998) og Anna Nedrebø i fjernsynsserien Vestavind (1994). Dei siste åra har ho vore å sjå som Elsa Mork i Sejer - Svarte sekunder (2006), Liv i komiserien Etaten (2006), Hilde Henningsen i Hvaler (2008-2010), og filmrollene som Jill i Kong Curling (2011) og Tante Inger i Som du ser meg (2012).[1] I 2010 laga ho ei teaterførestilling om diktaren Hans Børli.[2]

Anne Marit Jacobsen har også opptredd som jazzsongar og framført tradisjonell folkemusikk.

Ho er dotter av songarinna Randi Heide Steen og brordotter av Harald Heide-Steen. Harald Heide-Steen jr. var syskenbarnet hennar.

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]

«Anne_Marit_Jacobsen» i Store norske leksikon, snl.no., henta inn 27. november 2013.

Fotnotar

[endre | endre wikiteksten]