Anne Lise Ryel | |||
| |||
Fødd | 7. juni 1958 (66 år) Tromsø kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | jurist, politikar, generalsekretær | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Alle verv |
|
Anne Lise Ryel (fødd 7. juni 1958) er ein norsk jurist, politikar og tidlegare likestillingsombod og generalsekretær i Kreftforeningen.
Av utdanning er Ryel cand. jur. frå Universitetet i Oslo i 1987. I perioden 1984–1985 var ho vitskapeleg assistent ved Det juridiske fakultetet, deretter fyrstekonsulent ved Det kriminalitetsforebyggende råd i perioden 1986–1987. Deretter var ho advokatfullmektig fram til ho i 1992 blei konsernadvokat i Statnett SF. Ho fekk advokatbevilling i 1990.[1]
I 1994 blei Ryel i statsråd utnemnd som likestillingsombod, ein jobb ho hadde fram til 2000 då ho blei statssekretær i Justisdepartementet. Før Ryel blei generalsekretær i Kreftforeningen i 2002, jobba ho eit år som divisjonsdirektør i Sosial- og Helsedirektoratet, no kalla Helsedirektoratet.
Ho blei tilsett i stillinga som generalsekretær i Kreftforeningen i 2002 og gjekk av i 2019.[2]
Ryel har hatt og har også ei rekkje helserelaterte styreverv, blant anna i Nasjonalt råd for tobakksforebygging, Nordic Cancer Union og Center for Advanced Study ved Vitenskapsakademiet. Vidare har ho vore medlem av råd for Senter for pasientmedverknad og sjukepleieforsking på Rikshospitalet og WHO Cancer Technical Group. Ho har også vore medlem av hovudstyret og sentralstyret i HSH, nestleiar i Oslo Arbeiderparti og medlem av representantskapet til Oslo Arbeidarparti. I tillegg har ho vore medlem av styret for Universitetet i Bergen.