Andesoreade | |
Andesoreadehoe | |
Andesoreadehann | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Andesoreade | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
Familie: | Kolibriar Trochilidae |
Underfamilie: | Lesbiinae |
Stamme: | Lesbiini |
Slekt: | Oreadar Oreotrochilus |
Art: | Andesoreade O. estella |
Vitskapleg namn | |
Oreotrochilus estella |
Andesoreade (Oreotrochilus estella) er ein kolibriart av «koketter», i stammen Lesbiini, ein del av underfamilien Lesbiinae. Han har leveområde høgt i Andesfjella i Argentina, Bolivia, Chile og Peru.[1]
Andesoreaden som skildra i 2023 har to underartar, nominatunderarten O. e. estella og O. e. bolivianus.[2]
Fellesnemninga «oreade»[3] i det norske artsnamnet er frå gresk mytologi som ei nemning for fjellnymfe.[4]
Andesoreaden er 13 til 15 cm i kroppslengde. Hannane veg ca. 8,8 gram og hoene ca. 8,0 g. Vaksne har eit middels langt svakt bua svart nebb. Den vaksne hannen av nominatforma har uklår brunleg overside. Han har ein brei, lysgrøn iriserande flekk over strupe og hals som er avgrensa med eit smalt svart tverrband mot det kvite brystet og buken. Buken har ei raudbrun stripe ned i midten bakover mot undergumpen som òg er brun. Det sentrale fjørparet til den gaffelforma halen er bronsesvart; resten er for det meste kvite med bronsorte kantar og fjørspissar ytst. Hoa er også matt brun på oversida, dessutan lysare beige på undersida. Halsen er bleik med fine mørke flekker. Halen er grønnsvart og dei ytre tre eller fire fjørpara er kvite ved botnen og tuppane. Ungfuglen er generelt meir gråaktig enn den vaksne og hannen har ein mørk blågrøn strupeflekk. Vaksne hannar av underarten O. e. bolivianus skil seg frå nominatforma med ei kastansefarga bukstripe som har svarte flekker.[1]
Andesoreade er ein fugl frå dei høge sentrale Andesfjella. Nominatforma finst frå den sørvestlege Ayacucho-regionen i Peru sør gjennom det vestlege Bolivia og det nordlege Chile inn i det nordvestlege Argentina så langt som Tucumán-provinsen. O. e. bolivianus er avgrensa til Bolivias Cochabamba-departement. Arten lever på puna-grassletter, spesielt område med steinframspring. Dei lever òg nær busetnader, i Puya raimondii-standar og i utkant av Polylepis-skog. I høgda varierer utbreiinga frå 2400 til 5000 moh., men er mest vanleg mellom 3500 og 4500 moh. Arten er uvanleg godt tilpassa kalde netter og vinteren, som han overlever ved å redusere stoffskiftet ved å utnytte ein tilstand av nattleg hypotermi, liknande dvale i hòler og djupe sprekkar. Dette tilfluktsrommet er også trudd å verne det mot nattleg predasjon.[1]
I hekkesesongen held hoer av andesoreade territorium i nærleiken av nakne berg, medan hannane streifar vidt omkring. Begge kjønn kan røre seg ned frå dei høgste områda i løpet av den australske vinteren.[1]
Andesoreade lever av nektar frå ei rekkje blomstrande buskar, kaktusar og tre. Dei sit når dei tar føda i staden for å flyge i fast posisjon framføre blomsten (stiller), ein eigenskap som kan ha utvikla seg for å spare energi på høge høgder. Buskplanten Chuquiraga spinosa i korgplantefamilien utvikla seg sannsynlegvis side om side med andesoreaden, då denne kolibrien er den primære pollinator for planten. I tillegg til nektar, hentar arten leddyr frå vegetasjonen og fangar dei nokre gonger i flukta.[1]
Hekkesesongen til andesoreade spenner frå september til februar. Hoene held territorium og hekkar delvis i koloniar i buskete kløfter med steinar. Reiret er stort, koppforma og limd til ein fjellvegg eller nokre gonger under «taket» til ein Puya raimondii-plante. Storleiken på kullet er to egg, ruginga tar 20 dagar, og flyging skjer opptil 38 dagar etter klekking avhengig av temperatur. Arten blir trudd å ha to kull i løpet av ein sesong i nokre tilfelle.[1]
Andesoreaden gjer «eit gjentakande kort 'tip' eller 'svit', og medan han jagar, ei snøgg, melodiøs, sporvefuglaktig kvitring».[1]
IUCN har vurdert andesoreaden til å vere livskraftig (LC). Sjølv om populasjonsstorleiken er ukjend, blir han rekna å vere stabil.[5] Dette er ein av dei vanlegaste fuglane i puna-økosystemet og finst i fleire verna område.[1]