Anders Bardal | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. august 1982 (41 år) Levanger kommune |
Idrett | skihopping |
Tok del i |
Vinter-OL 2002, Skihopping under Vinter-OL 2014 – Normalbakke menn, Skihopp under Vinter-OL 2010 – Lag |
Utmerkingar |
Olavstatuetten |
Anders Bardal (fødd 24. august 1982) er ein norsk skihoppar som representerer Steinkjer Skiklubb. Han vann verdscupen i skihopping 2012, der han gjennom sesongen gjekk til topps i tre enkeltrenn. Hans fyrste siger i verdscupen kom i januar 2008. Bardal ha vunne seks noregsmeisterskap: han tok dobbelt NM-gull i 2002, noregsmeister på ny vart han i normalbakken i 2008, i storbakken 2009, i normalbakken 2011 og storbakken 2012. Han har elles vunne fem sølvmedaljar i laghopp under ulike ski-VM og skiflygings-VM, dessutan to bronsemedaljar i same øvinga under skiflygings-VM og vinter-OL, alle sju medaljane i tida frå 2008 til 2011.
Bardal debuterte i verdscupen i Willingen i februar 2001, og deltok i OL i Salt Lake City i vinter-OL 2002. Etter han vann begge NM-tevlingane i 2002 kom fleire sesongar der han fekk få sjansar i verdscupen. Han deltok i staden i Kontinentalcupen, der han noterte seg for 13 enkeltsigrar og som han i 2006 vann samanlagd.
Fyrst i 2007-sesongen byrja Bardal å gjere seg gjeldande i verdscupen. Han vart då nummer 16 samanlagt. Sesongen etter slo han seg inn i verdseliten, mellom anna med sin fyrste verdscupsiger i Zakopane i januar 2008. I verdscupen samanlagd vart han nummer fem. Dei neste to sesongane hamna han lengre nede på resultatlistene i internasjonale renn, særleg mislukkast han i OL-sesongen 2010. Gjennom VM-sesongen 2011 var han eit sikkert kort mellom Noregs beste skihopparar, og var med på begge dei norske laga som vann sølvmedaljar i lagtevlingane.
Gjennom det meste av 2012-sesongen hoppa Bardal stabilt godt og prega toppen av resultatlistene i verdscupen, med eit lite unnatak for slutten av sesongen. Sidan ingen annan skihoppar hoppa jamt godt gjennom heile sesongen, sigra han i verdscupen 2012 med 1 325 poeng mot toaren Gregor Schlierenzauer sine 1 267 poeng.