«An American Trilogy» er ei samansetjing av tre amerikanske songar arrangert av countryartisten Mickey Newbury. Songen blei gjort populær av Elvis Presley, som byrja å spele han fast på konsertane sine i 1970-åra, ofte som siste song på programmet. Arrangementet er ein medley av tre songar frå 1800-talet—«Dixie», ein blackface-revysong som vart ein uoffisiell hymne for Sørstatane under den amerikanske borgarkrigen; «All My Trials», opphavleg ein bahamansk voggesong, men nært knytt til afroamerikanske spirituals, og kjend gjennom folkemusikarar, og «The Battle Hymn of the Republic», ein marsjsong for nordstatshærem under borgarkrigen.[1]
Newbury spelte først inn songen i 1971 på albumet Frisco Mabel Joy og det første konsertalbumet hans, Live At Montezuma Hall, i 1973.
Presley byrja å spele songen på konsertane sine i 1972, og ein singelversjon kom ut i februar det året på RCA. Han framførte songen i 1972 i dokumentarfilmen Elvis on Tour, og i 1973 på den internasjonale satellittsendinga «Elvis—Aloha from Hawaii». Songen vert referert til og delvis sungen i Manic Street Preachers sin «Elvis Impersonator: Blackpool Pier» frå Everything Must Go.
Den originale Mickey Newbury-versjonen nådde 26. plassen på den amerikanske singellista i 1972 og niandeplassen på Billboard's Easy Listening-lista. Seinare i 1972 nådde Elvis Presley-versjonen 66. plassen på singellista og 31. plassen på Easy Listening-lista. I 2002 vart songen spelt av heavy metal-bandet Manowar, for albumet deira Warriors of the World. Songen vart òg spelt av Billy «Crash» Craddock på konsertalbumet Live -N- Kickin' i 2009. Alwyn Humphreys sitt arrangement for mannskor er populært og finst på album av Cardiff Arms Park Male Choir og Morriston Orpheus Choir.
Det er spelt inn over 465 versjonar av «An American Trilogy» av forskjellige artistar.[2]
Lister (1971+2+5) | Plassering |
---|---|
Australian Kent Music Report | 30[3] |
Canada RPM Top Singles | 76 |
Den franske singellista | 53 |
Den britiske singellista | 42 |
U.S. Billboard Hot Country Singles | 93 |
U.S. Billboard Hot 100 | 26 |
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks | 9 |
Elvis Presley-singlar | |
---|---|
1950-åra | |
1960-åra | |
1970-åra | |