Amorittisk er eit nordvestsemittisk språk som vart talt av dei folkestammane som vart kalla for amorittane i antikken i Midtausten. Språket er kjent utelukkande frå akkadiske skrifter der det opptrer namn som ikkje er akkadiske og som vart skrive ned i den tida amorittane styrte i Babylonia mot slutten av 2000-talet f.Kr. og byrjinga av 1000-talet f.Kr., hovudsakleg frå byen Mari og i ei mindre grad frå Alalakh, Tell Harmal, og Khafajah. Tidvis er slike ikkje-akkadiske namn òg funne i tidlege egyptiske tekster, og eit stadnamn — «Sənīr» (שְׂנִיר) for Hermonfjellet — er kjent frå Bibelen (Femte Mosebok 3:9), og merkeleg nok kan det vera indoeuropeisk i opphavet sitt (moglegvis grunna hettittisk innverknad). Kjende karaktertrekk i språket er:

Kjelder

Litteratur