Amerikakoffert er ei reisekiste eller ein stor koffert laga av tre, metall eller lêr med eit låsbart lok. Kofferten kunne også ha innvendige skuffer.[1] Han blei særleg brukt av utvandrarar frå Europa til Amerika på 1900-talet.
Amerikakofferten er kjend som eit symbol på den store utvandringa frå Europa til Nord-Amerika på 1800-talet. Han inneheldt utstyr og eventuelt mat som ein kom til å trenga undervegs og etter at ein kom fram til reisemålet.[2]