Amandus Adamson

Statsborgarskap Det russiske imperiet, Estland
Fødd 31. oktober 1855
Paldiski
Død

26. juni 1929 (73 år)
Paldiski

Yrke bilethoggar, kunstmålar
Amandus Adamson på Commons
Amandus Adamsons hus i Paldiski

Amandus Heinrich Adamson (31. oktober 185526. juni 1929) var ein estisk skulptør og målar.

Amandus Adamson var fødd i Uuga-Rätsepa nær Paldiski i dåverande Russland, og voks opp i ein sjømannsfamilie. Han flytta til Sankt Petersburg 1875 for å utdanna seg i kunst på Det russiske kunstakademiet. Etter eksamen arbeidde han som skulptør og lærar i Sankt Petersburg, med studieopphald i Paris og Italia i tida 1887–1891. Her blei han påverka av dei franske bilethoggarane Jules Dalou og Jean-Baptiste Carpeaux.

Det best kjende verket til Adamson, Russalkamonumentet, blei skapt i 1902. Dette var tileigna dei 177 sjømennene som omkom då det russiske panserkledde orlogsfartøyet «Russalka» forliste i 1893 på veg frå Tallinn til Helsingfors. Bronsemonumentet førestiller ein engel som står på ein høg pilar.

I samband med den russiske revolusjonen og den estiske frigjeringskrigen vende Adamson i 1918 tilbake til heimbyen sin Paldiski i nordvestlege Estland. Her budde han livet ut.

Verk i utval

[endre | endre wikiteksten]

Galleri

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]