Agent 327 er ein nederlandsk humoristisk teikneserie av Martin Lodewijk.

Hovudpersonen Hendrik IJzerbroot (i norsk omsetjing Henrik Eisenbrot) er, under dekknamnet Agent 327, i tenesta til den nederlandske etterretningstenesta. Saman med sin trufaste assistent, løparguten Barend (norsk Bertram), bekjempar han skurkar som albinoen Boris Kloris, Dr Maybe, Wu Manchu og andre trugsmål mot den nederlandske staten og verdsfreden. Serien vart for første gong utgitt i 1966 i serievekebladet PEP. Lodewijk vart anbefalt for dei av serieteiknaren Jan Kruis, som òg kom på namnet IJzerbroot. Føremanet Hendrik henta Lodewijk frå politikaren Hendrik Koekoek, som skal ha vore inspirasjonskjelde for den hemmelege agenten. Serien starta som ein parodi på James Bond, noko agentnummeret 327 viser til. Handlinga skjer hovudsakleg i Rotterdam.

I 1968 kom det fyrste albumet, Dossier Stemkwadrater, (norsk sak:Stemmeknuseren) ut.

Ein gjennomgåande vits er IJzerbroot sine anstrengelsar for å koma seg inkognito til kontoret. Ein annan gjennomgåande ingrediens er namnet Habraken som dukkar opp i butikkvindu, på varebilar og elles overalt.

Albumet Dossier Minimium Bug som kom ut i 1999 er innehavar av verdsrekorden for verdas minste teikneseriealbum (2.6 x 3.7 cm).

Dei fire første albuma av Agent 327 vart gitt ut i Noreg 1985 og 1986 av Hjemmet - Serieforlaget. Deretter vart fleire album gitt ut gjennom Tegneseriebokklubben.

Liste over album

[endre | endre wikiteksten]